Nyttar det?

I starten av desember møtest den internasjonale fagrørsla – International Trade Union Congress (ITUC) – til verdskongress i København. 1200 delegatar, som representerer 207 millionar medlemmer frå 132 land og 331 hovudorganisasjonar, samlar seg under store mål: Verdas folk skal få leve betre liv!

Publisert: 4. desember 2018

Men nyttar det? Blir det resultat av dei mange møta og vedtaka? Slike spørsmål får eg stadig vekk når det gjeld Unio og fagrørsla sitt internasjonale engasjement. Det er ikkje alltid enkelt å peike på klare og konkrete resultat som kjem raskt. Men det som er sikkert, er at det nyttar i alle fall ikkje å «melde seg ut» – å la vere å engasjere seg. Dessutan er det uaktuelt: Solidaritet er sjølve grunnmuren for fagrørsla. Og når vi legg til at ITUC er verdas største demokratiske organisasjon, er det opplagt at Unio skal vere ein aktiv aktør. Ikkje berre under nokre kongressdagar. Internasjonalt arbeid ligg i den politiske plattforma vår.

– Fagrørsla si makt, saman med solidaritet mellom generasjonar, trengst til fulle for å kjempe for fred, for demokratiske rettar og for sosial rettferd, sa generalsekretær Sharan Burrow i opningsinnlegget sitt.

Utdanning, likestilling og velferd er blant dei områda Unio i lang tid har prioritert i det internasjonale arbeidet. Med dette som utgangspunkt, er det naturleg for Unio å legge stor vekt på å følgje opp FN sine berekraftsmål, Agenda 2030, både i eigen politikk og gjennom det internasjonale arbeidet.

FN vedtok dei såkalla berekraftsmåla i 2015. Berekraftsmåla er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, kjempe for meir likskap og å stoppe klimaendringane – innan 2030. I sanning ambisiøse mål. Somme vil seie urealistiske. Nyttar det? Det nyttar i alle fall ikkje å la vere. Krafta i berekraftsmåla ligg mellom anna i at dei er utvikla i eit globalt fellesskap, gjennom demokratiske prosessar. Suksess for berekraftmåla vil vere suksess for kjerneverdiar for fagrørsla. Suksess for berekraftsmåla vil vere suksess for demokratiske verdiar.

Slagordet for ITUC-kongressen er «Building Workers’ Power: Change the Rules». Fagrørsla si makt trengst for å skape forbetringar. Fagrørsla må skaffe seg større makt, gjennom fleire medlemmer. Globalt er knapt 10 prosent av arbeidsstyrken fagorganisert. Dette er eit samfunnsproblem, nasjonalt og internasjonalt. Rett og slett fordi det gir større spelerom til krefter som neglisjerer FN sine berekraftsmål, og som ser fagorganisering som eit trugsmål mot eigen profitt. Dessverre er det mange leiarar for store globale selskap som går i front for å kvitte seg med fagorganiserte, og som vil ha sine eigne «spelereglar». Å fjerne slike «reglar» er ei kampsak. Det må lagast meir rettferdige globale spelereglar, som staggar profittiveren.

Dette viser til fulle at fagrørsla må kombinere store visjonar med konkrete tiltak, nasjonalt og internasjonalt.

Danmarks statsminister, Lars Løkke Rasmussen, var offensiv i kongresshelsinga si: Å forandre reglane er bra, å forandre verda er endå betre.

Eg trur at det nyttar. Kva er alternativet?

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv