Unio-leiaren sin replikk:

Aldersgrenser og romantikk

Det er fullt lovleg og mogeleg å stå i arbeid etter 70 år. Men i følgje dagens arbeidsmiljølov mister du som arbeidstakar det stillingsvernet du har før 70 år. Det er i praksis dette skiljet som blir kalla aldersgrensa. Det finst mange døme på at arbeidstakar og arbeidsgjevar blir einige om at arbeidsforholdet kan vidareførast også etter 70.

Publisert: 1. desember 2014

I staten er det derimot både strengare regelverk og meir rigid praksis. I dei aller fleste tilfelle er det slutt på arbeidet i staten ved fyllte 70 år. Det er her regjeringa burde ha opna opp – meir fleksibilitet i staten hadde vore fornuftig.

Det er også fornuftig av regjeringa å halde fast på ordninga med aldersgrenser. Det er det viktigaste for Unio. Då har både arbeidstakar og arbeidsgjevar eit haldepunkt for å legge til rette for at yrkesløpet skal avrundast, og det på ein verdig måte.

Sjølvsagt finst det grunnar til å heve aldersgrensa: aukande levealder, betre helse, og somme ønskjer og maktar å halde fram etter 70. Også IA-avtalen drar i denne retninga.

Etter at Regjeringa varsla at aldersgrensa skal hevast til 75, i første omgang til 72, har vi fått fleire glansa soger om folk som har blitt kasta ut av arbeidet mot sin vilje, om folk som gjerne vil arbeide lenge, og som kjenner seg foruretta av at det også blir brukt motargument til regjeringa sitt forslag. Desse finst sjølvsagt, særleg i såkalla ”frie yrke”.

Somme jublar som om dette skulle vere eit storslått gjennombrot for arbeidsfolk her til lands. Det minner meir om seniorromantikk, særleg frå dei som vil ha vekk alle aldersgrenser. Desse bryr seg nok heller ikkje om at dei legg press på pensjonsordningane, særleg tidlegpensjonsrdningane.

Gjennomsnittleg avgangsalder er i dag knappe 65 år. For svært mange framstår arbeid i 70-års alderen dels som eit fata morgana, dels som eit trugsmål. Svært mange er glade om dei maktar å nå AFP-alderen. Heldigvis har vi brukbare tidlegpensjonsordningar. I overskodeleg framtid er det langt viktigare å kjempe for retten til ein verdig avgang, sjølv om denne skjer i 60-åra, enn å kjempe for at folk skal få stå til dei er langt ut i 70 åra.

Viss også Stortinget går imot synspunkta frå arbeidsgjevarsida og det store fleirtalet på arbeidstakarsida, burde det skje etter ein anna modell enn den regjeringa legg opp til. Ein kan til dømes velje ein modell der ein ”levealdersjusterer” den øvre aldersgrensa. Det vil seie ei heving med eitt år om lag for kvart tiande år frå innføringa av pensjonsreforma. Då ville grensa bli 71 år rundt 2020, og 72 år rundt 2030.

Med fleksibel praktisering ville det vere ei bra ordning for det store fleirtalet. Og så kan ein tenke seg om under vegs – grundigare enn regjeringa har gjort denne gongen.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv