Unio-leiaren sin replikk:

– Trykk på den største knappen

– Vi kjem til å slite med dette sambandet til det skjer ei katastrofe. Då Alexandra Bech Gjørv gjekk gjennom kommunikasjonsproblema politiet sleit med 22. juli, hugsa eg denne replikken frå ein landsmøtedelelegat i Politiets Fellesforbund for nokre år sidan.

Publisert: 15. august 2012

– Vi kjem til å slite med dette sambandet til det skjer ei katastrofe. Då Alexandra Bech Gjørv gjekk gjennom kommunikasjonsproblema politiet sleit med 22. juli, hugsa eg denne replikken frå ein landsmøtedelelegat i Politiets Fellesforbund for nokre år sidan.

Styresmaktene sin evne til å beskytte folk svikta 22. juli 2011. Dette slår den uavhengige 22. juli-kommisjonen fast. Det blir peika på fatale manglar både i den politiske styringa og i politiarbeidet.

Gjennomgangen er grundig, og kritikken er på fleire område skarp og konkret. Tilrådingane er også klare, om dei er konkrete nok med tanke på oppfølging, er ei anna sak. Kommisjonen er klar på at politiet må bli betre i stand til å handtere slike tunge oppgåver. Både responstid og responskvalitet må bli betre, og det trengst betre sambands- og IKT-utstyr. Det trengst meir enn erklæringar for å få dette på plass.

Medan andre nødetatar har retningsliner for responstid, er dette mangelvare i politiet. Kvifor er vanskeleg å forstå, bortsett frå at krav til tid også handlar om krav til ressursar og organisering. Manglane ved sambands- og IKT-utstyr er slett ikkje av ny dato. Det har tvert imot vore ei gjengangarsak i ressursdebatten, og politifolk har opplevd manglane både som ein risiko og som eit arbeidsmiljøproblem.

Politiet er avhengig av folks tillit, og folk er avhengig av politiet. Tillitsforholdet blir sett på prøve ved den skarpe kritikken kommisjonen kjem med mot politiet. Det blir ikkje betre – det blir tvert imot verre – av avviket mellom kommisjonen sine vurderingar og vurderingane i Politidirektoratet si eigenvurdering. Tilliten gjenopprettast. Ansvaret for at politiet kan gjere jobben med å verne folket går heilt til topps i regjeringa og i politietaten. Det fanst planar og strategiar, men bruken svikta. Arbeidet med å klargjere ansvar, og sikre den nødvendige organiseringa og kulturtilpassinga må kome i gang med ein gong.

I all kritikken, understrekar også kommisjonen at situasjonen for dei involverte var kaotisk og uoversiktleg. Kanskje var enkelte situasjonar og oppgåver uhandterlege. Folk skulle handle der og då. Operasjonssentralane var kritisk underbemanna.

– Trykk på den største knappen, var meldinga frå innsatsleiar i regjeringskvartalet. Det svikta. Og når kommisjonen omtalar aksjonen på Utøya under overskrifta «ressursene som ikke fant hverandre», skjønar ein at pårørande reagerer. Det tok for lang tid før gjerningsmannen blei tatt. Det finst forklaringar, men bortforklaringar gjer vondt verre. Leiarskap handlar no om å vedgå feil, og starte arbeidet med læring, fornying og bygging av tillit.

Innsatspersonell har plikt til å utføre oppgåver som er farlege for seg sjølv. Det skjedde også denne gongen. Kommisjonen omtalar aksjonen under pågriping som effektiv og målretta, og blei gjennomført med stort mot og risiko.

Då rapporten blei lagt fram var Eskild Pedersen ein av dei som framheva at det også var ein god del som også fungerte bra, midt i ei kaotisk krise. Det var ei viktig påminning. Det er til dømes betryggande at helsevesenet og redningstenesta fungerte godt og sette i verk planar og tiltak.

Kommisjonsrapporten er klar: Det er mange knappar – store og små – det må trykkast på for at styresmakten kan gi folk den tryggleik dei har krav på. Dette handlar om langt meir enn jakt på syndebukkar, som ikkje minst no pregar mediebildet.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv