Nei til business as usual
“Panama papers” er for tida på alle lepper. Avsløringane av skatteparadisa og den grå økonomien slår sjokkbølgjer inn i mange miljø. Andre ser på det som eit forventa sjokk, og viser til sak etter sak, avsløring etter avsløring, dei siste åra. Eitt av spørsmåla blir difor: Er bank og business til å stole på? Det verkar ikkje slik. Sjølv om både DNB og andre prøver å vri seg unna ved å ikkje vite.
Publisert: 11. april 2016
Slik lovverket i ulike land er, kan det vere vanskeleg å slå fast kva som er ulovleg eller ikkje. Mykje av det som no er avdekka kan ligge i ei gråsone. Det som likevel er klinkande klart, er at skattesnyteri er ulovleg i Noreg.
OECD har sidan slutten av 90-talet diskutert og drøfta retningsliner og prinsipp for ansvarleg forretningsdrift, “Corporate governance principles”. Desse er nyleg reviderte, også med tanke på å halde tritt med “utviklinga”.
Denne utviklinga er mellom anna ein businesspraksis som stadig tøyer grenser og jaktar på smotthol i regelverket. Denne sporten breier om seg. Bruk av skatteparadis, internprising i multinasjonale selskap og aggressiv skatteplanlegging gir overskot for eigarar, men er tapsprosjekt for verdiskaping og velferd. Nasjonale selskap taper for multinasjonale. Dette er ikkje nødvendigvis ulovleg, men likevel problematisk. OECD har berekna at den grå økonomien kostar samfunnet meir enn den illegale svarte økonomien.
OECD-prinsippa skal dekke mange, og til dels motstridande interesser. Dette kan illustrerast ved at BIAC, som representerer arbeidsgjevarar og selskap, først og fremst rettar kritikk mot det dei kallar overregulering og overrapportering. Medan TUAC, som er arbeidstakarsida, krev at OECD skal vere meir ambisiøs med tanke på omfattande og treffsikker regulering. Begge, og dei aller fleste, er einige om at det trengst retningsliner. Om eit meir enn hundresiders dokument, som ikkje er bindande, tener formålet, er ikkje like opplagt.
Så kan ein spørje om det er etikken som sviktar, eller om det er lov- og regelverket? Svaret er opplagt: Det er svikt på begge område, og vi ser endå ein gong resultatet av eit gjensidig og negativt samspel mellom desse.
«Business as usual» er dermed eit uakseptabelt svar. Det vil vere å forsvare økonomisk vanstyre. Businessen må endrast og forbetrast. Både gjennom etikk og strengare regelverk, nasjonalt og internasjonalt. Noreg, som rår over eit av verdas største pengefond, oljefondet, må gå tydeleg i front.