Unio-leiaren sin replikk:
Erikssons julekalender
Fredag 12.12 opna statsråd Robert Eriksson ei ny luke i julekalenderen sin. Han presenterte då dei foreløpig(?) siste forslaga til endringar i arbeidsmiljølova.
Publisert: 15. desember 2014
Sjølv om toneleiet var litt meir avdempa enn sist fredag, prøvde ministeren så godt han kunne å overtale journalistar og andre om at han kjempar for det gode og moderne arbeidslivet. Og han trur nok sjølv på bodskapen sin.
Men likevel er det mildt sagt underleg når ein statsråd først neglisjerer dei fleste synspunkta som kjem frå arbeidstakarsida, for deretter å gjere seg sjølv til talsmann for arbeidstakarane. Særleg når arbeidstakarorganisasjonane verken har bedd om eller ønskjer den typen fleksibilitet og fridom han serverer.
Derimot har arbeidsgjevarsida bedd om det han no gir. Rett nok har somme bedd om endå meir. Og det er i grunnen det beste som kan seiast om Erikssons forslag: Dei kunne ha vore endå verre!
Likevel høyrde eg denne gongen ein statsråd som gjekk litt på tomgang. Dei fleste eksempla han serverte hadde vi høyrt mange, mange gonger før: Ladegården og Fauske, med alternative arbeidstidsordningar.
Dessutan går dei tillitsvalde i Fauske i rette med statsråden, og seier at forsøka med alternativ turnus er avslutta. Resultata var ikkje som venta. Statsråden er på tynn is.
Også når det gjeld søndagsarbeid. Han vil opne for meir av det. Grunngjevinga han brukte er at studentar skal få arbeide fleire søndagar i strekk på bensinstasjonen deler av året, slik at dei skal få betre tid til å lese til eksamen seinare!
Framleis understrekar arbeidsministeren og regjeringa at trepartssamarbeidet er viktig. Og at eit organisert arbeidsliv er bra for landet.
Og så vi får tru at julekalenderluka med den bodskapen ikkje er ei luke utan innhald.