Unio-leiaren sin replikk:

Opp med studiestøtta

Denne overskrifta brukte eg i ein replikk seinast i fjor. Også den gongen var det i tilknyting til budsjettprosessen på Stortinget. Dessverre er det både rett og nødvendig å gjenta bodskapen i år også. Inga langsiktig investering gir betre avkastning enn å investere i utdanning og kunnskap. Difor lønner det seg for fellesøkonomien å satse på studentane. Studiestøtta må aukast til 1,5 G, om lag 160 000 kroner i året.

Publisert: 8. november 2021

Det er mange forhold som påverkar studentøkonomien. Målt mot mange andre land er ordningane i Noreg bra. Men så er vi også i verdstoppen når det gjeld økonomi og velferd. Difor er det gode grunnar til å forvente forbetringar også i dei økonomiske vilkåra for studentane. Det viktigaste er å auke sjølve studiestøtta, i praksis at studentane får låne meir frå Lånekassen.

Det var ein viss framgang for studentøkonomien då den førre regjeringa la opp til studiestøtte for 11 månader i året. Men framleis er den årlege studiestøtta berre 126 000 kroner i året. Det er langt under nivået for det som blir rekna som fattigdomsgrense her til lands. Det inneber at dei aller fleste studentar må ha lønna arbeid i tillegg til å studere. Det treng i seg sjølv ikkje vere ei ulempe viss omfanget ikkje er for stort. Men det er likevel eit problem viss styresmaktene i praksis har gitt opp målet om at dei fleste studentar skal studere på heiltid. Det ser ut til at heiltidsstudenten er forlaten i praktisk politikk.

Begge partia som no har regjeringsmakta har gitt lovnader og skapt forventningar om betre vilkår for studentane. Budsjettlekkasjar og statsrådkommentarar kan tyde på at studentane og støttespelarane deira ikkje vinn fram denne gongen heller. Vi får sjå når regjeringa i desse dagar presenterer budsjettframlegget sitt. Dette er ein såkalla tilleggsproposisjon til den førre regjeringa sitt opplegg. Handlingsrommet er difor noko trongare enn for eit normalt og sjølvstendig budsjett. Men uansett må regjeringa skaffe fleirtall for neste års økonomiske opplegg.

Det ligg eit håp om forbetringar for studentane i at SV har varsla krav om klare forbetringar i studiestøtta. Det må også takast med at studentane i mindre grad enn mange andre har blitt tilgodesett med økonomiske støtteordningar i koronaperioden.

Studentane må i stor grad lånefinansiere si eiga utdanning. Samtidig taper dei både inntekt og pensjonsopptening i studietida. Dessutan er den personlege avkastninga på lang utdanning her til lands blant dei lågaste i Vest-Europa. Særleg dårleg er det viss du tar arbeid i offentleg sektor. Her er lønnsnivået så lågt at det er store problem med å rekruttere og behalde kompetent personell, til dømes innan helse- og utdanningssektoren. Det er til skade for Velferds-Noreg.

Unio støttar studentane. Både Norsk studentorganisasjon og Unio-studentane har vore klare i krava sine. Studiestøtta må aukast til 1,5 G, og følgje den årlege reguleringa av G-beløpet!

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv