Unio-leiaren sin replikk:

Anbodshysteri

For om lag to år sidan var hovudstaden ramma av søppelkaos. Folk var både rasande og oppgitte. Naturleg nok var det «vinnaren» av anbodet, Veireno, som blei skyteskiva. Men i realiteten handla det om ei politisk skandale i regi av det borgarlege byrådet.

Publisert: 14. januar 2019

Saka illustrerte til fulle kor ille det kan gå når anbodskonkurransar blir prisgalskap. I dette tilfellet blei billegast definert som best. Resultatet var at både arbeidstidsreglar og omdømme blei smadra. I tillegg gjekk slagord som «anbod og konkurranse gir kvalitet» på eit sviande nederlag.

I ein kommentar den gongen ytra eg at det beste som kan seiast om Veireno-saka, er at ho kan tene som ein lærepenge, også for dei ivrigaste anbodsfantastane. Men somme av dei er tydelegvis uvanleg tungnæme. Det er nesten ikkje til å tru at Høgre i Oslo no foreslår å konkurranseutsette renovasjonstenestene på nytt! Det er nesten så ein kan lure på om det er eit problem at renovasjonssystemet i kommunal regi no fungerer bra.

Bra fungerte det i alle fall ikkje då Helse Øst outsourca IT-tenester og sensitive pasientdata til utanlandske aktørar. Det skapte også overskrifter då det blei kjent at det norske nødnettet var outsourca og tenester plasserte i India, og like eins då det kom fram at sentrale IT-tenester på raffineriet på Mongstad blei handterte derfrå. Også i desse tilfella handla det om å kjøpe billege tenester – for ein dyr lærepenge.

Fornuftig konkurranse kan gi kvalitet. Men då må vilkåra vere fleire enn låg pris. Men heller ikkje regjeringa lærer. Sjølv om det formelt er Jernbanedirektoratet som stod for anbodskonkurransen om Sørlandsbanen, er det ikkje tvil om at retninga er ideologisk styrt.

Dette ser ein tydeleg først når togtilbodet utan overtydande argumentasjon blir lyst ut på anbod. Og deretter når ein så legg til grunn at «billegast er best», også for togtilbodet mellom Oslo og Stavanger.

No varslar samferdselsministeren at til og med førarprøva kan bli privatisert. Er det fordi han også her trur at konkurranse skal sikre kvalitet? Argumentasjonen er som vanleg syltynn. Men når ministeren antydar at dette må til for å sikre at ein skal kunne ta førarprøva i distrikta, møter han seg sjølv og regjeringspolitikken i døra med eit smell. At det har blitt langt å reise for å ta førarprøva somme stader er eit resultat av ein annan ideologi: Samanslåing og sentralisering. Dermed kjem nedlegginga av trafikkstasjonar, lensmannskontor og passkontor, for å nemne noko, på løpande band. Då snakkar ein om stordriftsfordelar. Stikk i strid med erklæringar om «gode tenester der folk bur.»

Konkurranseutsetting og sentralisering heng ofte i hop. Dess større område, dess betre grunnlag for at det kan drivast business på offentlege tenester.

Konkurranse gir gode resultat på ei rekkje område. Og sjølvsagt finst det døme på at offentlege verksemder har godt av både konkurranse og nye organgiseringsformer.

Men det er på sin plass å minne om at offentleg sektor og privat sektor har heilt ulike oppgåver. Det offentlege skal levere gode og likeverdige tenester over heile landet. Private sektor skal tene pengar til eigarane.

Denne fundamentale skilnaden må ikkje forkludrast. Verken av den politiske konkurranseiveren eller av privat sektors iver etter business.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv