Unio-leiaren sin replikk:
Forsvar og angrep
Arbeidstid er ”godt stoff” for tida. Regjeringa vil ha meir fleksibilitet. Civita presenterer tankar frå gamle dagar: Sentrale avtalar må vike for lokal styring. Det ser ut til at arbeidsgjevarsida sin appetitt på meir makt over arbeidstida også har auka.
Publisert: 24. noveember 2013
Denne svolten kan føre til full strid. Å forhandle om arbeidstid er like naturleg som å forhandle om lønn. Det skal vi halde fast på.
Sjølvsagt kan forhandlingar om arbeidstid føre til endringar. Det er difor ein forhandlar – tar og gir. Då tar ein naturleg nok omsyn både til arbeidstakarar, arbeidsgjevarar og til samfunnet sine behov. Difor blir det direkte useriøst når enkelte trur at arbeidstakarsida skal gi slepp på kollektive avtalar til fordel for lokal styringsrett.
Nordmenn vil ha tilgang til det meste døgnet rundt, godt støtta av teknologien. Forbruks-samfunnet set med andre ord tradisjonelle arbeidstidsordningar under press. Enkelte trur visst også at døgnopne tenester skal bli billegare.
Normalarbeidsdagen, tida mellom 0700 og 1700, står sentralt for debatt og strid. Om lag ein tredjedel av arbeidstakarane er i dag i ordningar utanfor normalarbeidsdagen. For dei fleste er normalarbeidsdagen likevel viktig som utgangspunktet for andre ordningar, også når det gjeld kompensasjon m.m. Difor er det god grunn til å hegne om normalarbeidsdagen.
Mange av Unios medlemsgrupper står i spenning mellom normalarbeidsdagen og særordningar for arbeidstid. Difor finst ei rekkje særavtalar. Desse kjem i tillegg til arbeidsmiljølova, og er særskilt tilpassa behova i ulike etatar og næringar. Slik er det for politiet, for helsesektoren, for skuleverket og for barnehagen. I tillegg er det særskilte utfordringar når det gjel arbeidstid og oppgåver i universitet- og høgskulesektoren.
Arbeidstid og profesjonell yrkesutøving er gjerne to sider av same sak. Difor er avtaleverket så viktig. Så viktig at vi må kombinere forsvar og fornying. Eller på cupfinaledagen heiter det vel å vere gode både i forsvar og i angrep!