Gjennombrot i staten
– For første gong oppnådde Unio eit reint prosentvis generelt tillegg til alle statstilsette medlemmer. Det er eit gjennombrot for Unio, og for ein profil som legg vekt utdanning og kompetanse. Når vi i tillegg hindra endringar i grunnlaget for forhandlingar om pensjon og pensjonsvilkår, kan Unio trygt tilrå medlemmene å røyste ja til resultatet.
Publisert: 26. mai 2016
Det er sjølvsagt eit skår i gleda at dette gjennombrotet kjem i ein situasjon der dei økonomiske rammene er så tronge. Resultatet ligg på nivå med industriprognosane så langt, om lag 2,4 prosent.
Vi fekk ein bra balanse mellom sentrale og lokale tillegg, med ei økonomisk fordeling på om lag 50–50 på kvart område. Også her måtte staten, som ville ha alt lokalt, gi etter. Våre medlemmer har dermed ein bra bagasje gjennom dei sentrale tillegga, før dei lokal forhandlingane startar.
Partane blei også einige om å vidareføre drøftingane om fornying av lønnssystemet, samtidig som det er klargjort at det skal forhandlast om iverksetting av eventuelle endringar.
Det er no to hovudtariffavtalar i staten. Ein mellom staten og Unio, YS og LO. Og ein mellom staten og Akademikerne. Det blir opp til staten og arbeidsgjevarane å handtere dette. Eg reknar med at Unios medlemsgrupper er godt nøgde med at vi stod løpet, og tok ein ekstra fight hos riksmeklaren. Men det er eit paradoks at politikarar som har klaga over to tariffavtalar i Nav – ein kommunal og ein statleg – styrer mot to avtalar internt i staten.
Eg er fornøgd med at vi har kome fram til forhandlingsresultat i dei store offentlege forhandlingsområda – stat og kommune. Strategien har vore å legge vekt på ein utdanningsretta profil innanfor tilgjengelege rammer. Dette har lukkast langt på veg, og dette er eit godt grunnlag inn i drøftingar med arbeidsgjevarane i den komande tariffperioden, og ikkje minst med tanke på komande tariffoppgjer.
Striden om pensjonsforhandlingane enda med ei form for status quo. Staten gjekk vekk frå sine krav, og den vidare prosessen er sendt «ut i det blå», som NRK-kommentator Magnus Takvam korrekt uttrykte det.
Men det er framleis grunn til både undring og uro. Undring over at regjeringa er så redd for å forhandle pensjon på likeverdige vilkår. Uro fordi at dette viser mangel på tillit til partane.
Så kan ein sjølvsagt lure på om det bak dette ligg ein større splitt og hersk plan, der den første splitten var ein hovudtariffavtale med Akademikerne. Men den avtalen ville altså ikkje det store fleirtalet av statstilsette ha!