Streik og lockout

55 medlemmer i Norsk Sjukepleiarforbund (NSF) har streika i noko over tre veker. Dei arbeider i private institusjonar organiserte i NHO Service og Handel. Streikegrunnlaget er eit krav om minstelønn på line med nivået i KS-området. Partane har ikkje makta å finne løysing på konflikten. Unio er ikkje tariffpart overfor NHO, men gir full støtte til NSF.

Publisert: 20. november 2018

Sjølvsagt er streiken merkbar på arbeidsplassane. Det er difor streik blir kalla både maktmiddel og våpen. Men sidan dette gjeld helsesektoren, blir streiken rigga slik at den i minst mogeleg grad skal ramme liv og helse. Likevel, ein streik som ikkje har effekt, har lite for seg.

No maktar ikkje NHO meir. Dei varslar lockout, som er eit lovleg, men svært uvanleg kampmiddel. Dei vil ha regjeringa til å stoppe streiken for seg. At dei sjølve, med ein snev av forhandlingsvilje, kunne ha løyst konflikten, ser dei vekk frå. Når NHO påstår at dei ikkje går til utestenging av 500 sjukepleiarar for å oppnå lønnsnemd, lyder det lite truverdig. Like lite truverdig som når dei påstår at det er umogeleg å innfri krava om å auke minstelønna for eit fåtal sjukepleiarar. Her handlar det om å levere billege tariffavtalar.

NHO er ein mygg i helsesamanheng, som dei er det i utdanningssektoren. Likevel opptrer dei som om dei er bransjeleiande på desse områda. Og viser til at dei samtidig vernar frontfaget. Ingen kan få meir enn det NHO og LO har blitt einige om, er haldninga. Heller ikkje ein annan profil, verkar mogeleg, skal ein tru NHO Service og Handel.

Dette er feil forståing av frontfaget. Men likevel illustrerer det at frontfaget er ei håplaus tvangstrøye. Særleg når det blir misbrukt.

Men dette viser også kor fanga Unio-forbunda er i NHO-systemet. Sjølv om fleire har eigne hovudavtalar og tariffavtalar, understrekar NHO tydeleg, slik vi tidlegare har sett, at det er andre tradisjonar og andre avtalar som i realiteten styrer.

«Prinsipielt mener vi at lockout er et meget drastisk virkemiddel som vi helst ser ikke blir brukt» (sic!). Dette er LO sitt svar når Klassekampen spør om ein kommentar til den aktuelle lockouten. Ein kommentar som NHO lett kan ta til inntekt for sin strategi.

Samtidig kan dette sjåast som ein «invitt» til Unio og Unio-forbunda om å utvikle ein overordna og felles tariffstrategi overfor NHO. Slik vi har ein felles politikk for å motverke privatisering av sentrale velferdsoppgåver.

Lockoutgrepet og kampen for billege tariffavtalar illustrerer at NHO-systemet ikkje maktar ansvaret som ligg i å forvalte velferd på vegne av det offentlege. Det må vere eit tankekors både for ei privatiseringsivrig regjering og for ditto kommunar.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv