Unio-leiaren sin replikk:
Effektivisering og nytale
Helseminister Bent Høie har hatt ei førande rolle under koronapandemien. Han har markert seg som ein stødig og tydelege statsråd. Saman med dei andre frontfigurane av politikarar og fagfolk har han så godt som dagleg vore i mediefronten. Stort sett har han både forklart og svart på ein tillitsvekkande måte.
Publisert: 1. februar 2021
Men då han i politisk kvarter blei utfordra på dei årvisse kutta i Folkehelseinstituttet og i Helsedirektoratet, måtte han svelgje eit par gonger og tenke seg om både vel og lenge. Camilla Stoltenberg hadde i førevegen antyda at noko av årsaka til at det gjekk litt seint med analysearbeidet i Folkehelseinstituttet var nedskjeringane instituttet hadde vore gjennom sidan 2015. Høie sitt første svarforsøk var så uklart at programleiaren sa at ho ikkje forstod kva statsråden meinte. Så presiserte han, og konkluderte med at budsjettkutta og nedbemanningane eigentleg hadde æra for at Folkehelseinstituttet faktisk var svært så effektive. Dei hadde til og med digitalisert!
Når statsråden på dette viset måtte ty til nytale – kutt blir i praksis vekst – så blei det meir enn tydeleg at han var på syltynn is. Det er ikkje slik ein bygger tillit. Tvert imot.
Unio har fleire gonger retta skarp kritikk mot dei årlege effektiviseringskutta i statleg sektor. Desse ostehøvelkutta, som blir kamuflert som ei reform, «avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma» eller ABE-reforma, er og blir ein feig metode for å auke arbeidspresset i staten, inkludert sjukehusa.
Sidan desse ostehøvelkutta på 0,5 prosent av budsjetta starta i 2015 har den såkalla avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma ført til kutt på om lag 15 milliardar i dei statlege budsjetta, inkludert sjukehusa.
Unio har systematisk kritiserte denne «reforma», som både fører til oppseiingar og dårlegare tenester. Dette blir tydeleg illustrert av situasjonen i Folkehelseinstituttet. Men det skal leggast til at instituttet også ha vore gjennom andre former for omorganiseringar og nedskjeringar, enn dei som følgjer av effektiviseringskutta. Og Høie har nok rett i at det ikkje har stått på pengar sidan pandemien slo inn. At overtidsbruken har eksplodert, seier kanskje aller mest om kriseomfanget, men det er opplagt at nedbemanninga også slår inn.
Effektivisering i offentleg sektor har vore ein gjennomgangsmelodi for så godt som alle regjeringar, nærast til alle tider. Særleg tydeleg har dette vore sidan 1980-talet, då kritikken mot ressursbruken i offentleg sektor voks i styrke både nasjonalt og internasjonalt, og New Public Management-tenkinga gjorde sitt inntog i politikken.
Brundtland-regjeringa viste i 1988 til dømes til ubalansen i norsk økonomi, og slo fast at «det kreves derfor spesielt stor vilje og evne til nytenking, omfordeling og omorganisering i den offentlige sektor».
Dette var før oljefondet sin tid. Men den same melodien har, med litt ulikt toneleie og ulikt volum, stort sett vore spelt av dei fleste regjeringar sidan den tid. Likevel kjem kritikken stadig vekk om at offentleg sektor er for stor, og må effektiviserast. Mykje av kritikken kjem vanlegvis frå miljø som i desse dagar krev statlege kompensasjonsordningar frå staten, og gode og raske tenester frå det offentlege. Også Solberg-regjeringa har fått kritikk for å la offentleg sektor «ese ut».
Det er nok ei enkel forklaring på dette paradokset. Folk forventar, og politikarar lovar, stadig fleire og betre tenester frå det offentlege.
Unio diskuterer gjerne både effektivitet og kvalitet, men nytale i form av avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform er ikkje vegen å gå!