Fagorganisering = forhandling

Vi er midt i tariffoppgjeret. Rett nok eit mellomoppgjer der stridsspørsmåla er færre enn i eit hovudoppgjer. Oppgjera i offentleg sektor er som vanleg omgitt av forventningar frå politikarar og næringslivsaktørar om at resultatet frå industrien skal kopierast av partane i det offentlege. Dette prøver sjølvsagt arbeidsgjevarane å utnytte til å halde lønnsveksten i sjakk. Difor gjentar eg endå ein gong: frontfaget er retningsgjevande, det er ingen fasit. Verken når det gjeld ramme eller fordeling av pengar.

Publisert: 20. april 2017

Tarifftider er også tida for å drive ein spennande «idrett»: Å samanlikne lønn på tvers av grupper, på tvers av tariffområde , mellom kvinner og menn og mellom offentleg og privat sektor. Det sikraste utfallet av dette er at mange finn noko å vere misnøgd med – ofte med god grunn.

At vi forhandlar, at det blir tariffavtalar og at vi har tilgang på offentleg lønnsstatistikk, er så innarbeidd og sjølvsagt her til lands at vi knapt tenker over det. Men dette er slett ikkje sjølvsagt. Dette er resultatet av eit arbeidsliv med høg organisasjonsgrad, både på arbeidstakarsida og på arbeidsgjevarsida.

Alle kan inngå avtalar. Men berre fagorganisasjonar kan inngå tariffavtalar. Til det trengst ein (mot)part. Difor skal vi sette pris på motpartane. Dei trengst også for å sikre tariffavtalane, som er berebjelken i det organiserte arbeidslivet.

Vi skal ikkje reise langt i Europa før desse systema manglar. Arbeidstakarorganisasjonane står ofte svakt, og dei har knapt nokon å forhandle med. I mange land blir difor strategien å krevje at det politiske systemet i skal fastsette ei nasjonal minstelønn!

Høg organisasjonsgrad er grunnlaget for lønns- og forhandlingssystemet. Difor er det illevarslande at den samla organisasjonsgraden i Noreg går ned. Berre litt over halvparten av arbeidsstyrken er fagorganisert. Rett nok er langt fleire omfatta av tariffavtalar, og i offentleg sektor er organisasjonsgraden framleis høg – om lag 80 prosent.

Men vi kan ikkje slå oss til ro med det. Og heller ikkje med at det finst ganske mange gratispassasjerar, som drar nytte av fordelane tariffavtalane gir, utan å vere fagorganiserte.

Arbeidarpartiet vil auke «fagforeiningsfrådraget» – gi meir skattelette for å vere fagorganisert. Det er bra. Det er eit viktig bidrag til det organiserte arbeidslivet.

Men det er likevel dei fagorganiserte sjølve som må gjere hovudjobben. Det er organisasjonane som må stå fram som viktige og attraktive. Det er vi fagorganiserte som må få fram verdiane – både for samfunnet og for den enkelte – som ligg i tariffavtalane. Og der ligg meir enn lønn – der ligg rettar, somme med høg kroneverdi, somme med ein praktisk verdi i kvardagen. Og sjølvsagt ligg der også plikter. «Krev din rett, gjer di plikt» er framleis eit viktig grunnlag for det organiserte arbeidslivet.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv