Unødige pensjonsforviklingar
For tida er det intense forhandlingar om offentleg tenestepensjon. Det gjeld levekåra til om lag 800 000 menneske. Det gjer forhandlingane ekstra viktige. Ikkje underleg om alle desse er svært spente på utfallet. Mellom anna fordi mange av desse skal få seie sitt om utfallet.
Publisert: 19. februar 2018
Pensjonsforhandlingane fangar opp både politikk og tariff, og er difor lagt i forkant av sjølve tariffoppgjeret. Resultatet skal likevel forankrast i organisasjonane, og kan etter vanlege spelereglar i hovudtariffoppgjer bli forkasta av medlemmene. I denne perioden er dei involverte einige om å forhandle framfor å kome med utspel som kan påverke klimaet negativt.
Nettopp i ein slik situasjon blir det direkte umusikalsk når NHO-sjef Kristin Skogen Lund stadig vekk proklamerer kva for resultat ho vil ha i forhandlingar der NHO ikkje er part. Ho understrekar gong på gong at offentleg sektor må tilpasse seg ordningane i privat sektor. Privat sektor er på veg til eige forhandlingsbord. Difor er nok Skogen Lund i denne saka mest opptatt av arbeidsgivarrolla sjølv om ho prøver å late som ho snakkar på vegne av samfunnet.
Det var på denne bakgrunnen eg i Dagbladet (9.2.2018) bad Kristin Skogen Lund roe seg ned, og halde fingrane frå fatet. Ho sit nemleg ikkje ved dette forhandlingsbordet, og bør ikkje medverke til å auke streikefaren ytterlegare. Skogen Lund kallar dette skivebom. Det tyder på at ho ikkje har sett kvar blinken står. Ho burde i alle fall vite at å kaste brannfaklar inn på banen frå tribuna kan føre både til stopp i spelet og til sanksjonar. Vi treng ikkje unødige pensjonsforviklingar.
Denne åtvaringa handlar slett ikkje om å ta frå Skogen Lund eller andre retten til å ytre seg om offentleg sektor, slik Kristin Clemet gjerne vil ha det til.
«Har vi, som tilfeldigvis ikke selv er ansatt i offentlig sektor, rett til å ha noen meninger om hva som bør skje i forhandlingene eller med offentlig sektor generelt», spør Kristin Clemet i eit blogginnlegg (Civita 13.2.2018). Ho svarer sjølv: «Selvsagt har vi det», og listar opp tre grunnar:
«For det første er ikke offentlig og privat sektor øde øyer.
For det annet er offentlig sektor vårt felles eie.
For det tredje fordi begge kan ødelegge for og lære av hverandre.»
Sant nok, om enn ikkje banebrytande. Her sparkar Kristin Clemet inn vidopne dører. Ho må gjerne ytre seg om offentleg sektor, som ho forresten ofte gjer.
Trine Eilertsen, politisk redaktør i Aftenposten, treng heller ikkje uroe seg. Ikkje berre Kristin Skogen Lund, «men hver eneste nordmann har rett til å mene om pensjonsreformen i offentlig sektor», skriv redaktøren. (17.2.2018)
Ho og andre må ha sine meiningar, gjerne sterke meiningar. Men det er altså medlemmene – dei fagorganiserte i offentleg sektor – som skal ta stilling og vere med på å bestemme om resultatet er godt nok. Det skal verken Kristin Skogen Lund, Kristin Clemet eller Trine Eilertsen. Det er skilnaden, og det var og er eit viktig, om enn elementært, poeng.