Unio-leiaren sin replikk:
Norske sjøfolk, ja takk!
Viss Noreg framleis vil vere ein sjøfartsnasjon, må det bli slutt på å undergrave lønns- og arbeidsvilkåra for sjøfolka våre. Regjeringa har til denne tid vore for slepphendt i så måte.
Publisert: 3. februar 2020
Unios medlemsforbund, Det norske maskinistforbund, står i ein kontinuerleg kamp for å sikre norske lønns- og arbeidsvilkår i norske farvatn og på norsk sokkel. Altfor ofte ser vi døme på at utanlandske sjøfolk blir hyra inn, ofte på mellombelse kontraktar, og til vilkår som ligg langt under norsk standar. Konsekvensen er at norske sjøfolk mister arbeidet.
Talet på skip i NOR-registeret, som krev norske lønns- og arbeidsvilkår, er fallande. Dette er i seg sjølv eit faresignal. Det er kort og godt for enkelt for reiarlaga å unngå norske lønns- og arbeidsvilkår. Det er underleg at dei ikkje sjølve forstår at dette er feil og risikabel kurs. Dette svekker både verdiskaping og konkurranseevne, rett og slett fordi ein vrakar norsk kompetanse og erfaring.
Eit døme på galskapen er omtalt i Dagbladet 1. februar. Conoco Phillips har hyra inn bulgarske arbeidarar til mindre enn halv norsk lønn etter at eit forsyningsskip blei flagga ut til Kypros. I dragsuget gjekk nesten 30 norske arbeidsplassar tapt.
Ikkje nok med det. Dette skjer etter at sjøfolka gjennom krisa som har vore, har vist moderasjon, til og med lønnskutt, for å halde næringa flytande. Det bør vere lett å forstå, også for regjeringa, at tillitsvalde i sjømannsorganisasjonane er både sinte og fortvila når belønninga er å bytte ut med billegare arbeidskraft.
Havet, med den lunefulle vinden, har alltid vore ein viktig ressurs for Noreg. Og kan bli endå viktigare. Men då må det vere vilje til å satse på kompetanseutvikling, og på dei som arbeider der. Samspelet mellom dei maritime næringane er avgjerande for den grøne veksten og for levande kystmiljø. Bruk av havvinden er ein del av dette. Difor må vi ikkje tillate at kortsiktig profitt svekker næringar som kan spele ei viktig rolle i det grøne skiftet.
I midten av februar skal Stortinget ta stilling til eit raudgrønt forslag der intensjonen er å sikre norske lønns- og arbeidsvilkår på norsk sokkel og i norske farvatn. Då må mindretalsregjeringa legge prestisje til sides og syte for fleirtal. Det vil vere å seie «norske sjøfolk, ja takk».
Dessutan vil det vere ein fin aperitiff til stortingsmeldinga om maritim sektor som er under arbeid i regjeringskontora.