Unio-leiaren sin replikk:
Galskap sett i system
Det har vore fleire medieoppslag den siste tida om målstyringsfarsen i Sandefjord kommune. Aftenposten fortel 19.1. at to lærarar er truga med oppseiing av arbeidsgjevaren sin, Sandefjord kommune. Fleire skal også vere i faresonen. Slikt er alvorleg. Då må ein tru at det er grov tenesteforsøming som ligg bak.
Publisert: 20. januar 2014
Men «brotsverket» desse to er skulda for er å nekte å følgje opp eit omfattande rapporteringsregime kommunen har vedtatt. Lærarane i kommunen skal rapportere på kvar einskild elev i eit omfang som mildt sagt verkar tragikomisk. Viss det media har skrive om denne saka er tilnærma rett, er det beint fram galskap sett i system. Det er kommunen, snarare enn dei tilsette, som burde settast på «tiltalebenken».
Redaktøren i avisa «Ledelse», Mangne Lerø, sa det ganske presist i ein kommentar: «Det kommunale selvstyret kan gi seg de villeste utslag», og la til: «En kommune som er ved sine fulle fem går ikke til oppsigelse av 40 lærere».
Det er kommunen, ikkje lærarane, som er ute av kurs. Dei styrande, enten det er politikarar eller administrasjon, har visst ikkje fått med seg styrings- og rapporteringsdebatten som har pågått det siste året. Kritikken mot detaljprega målstyring har vore massiv.
Dei siste åra har den skulefaglege kompetansen i mange kommunar blitt kraftig svekt. Det trengst ei fagleg opprusting. Kva som er situasjonen i Sandefjord skal eg ikkje ha sagt. Men kommuneleiinga verkar ikkje i stand til å argumentere fagleg for vedtaka sine.
Då tyr ein til trugsmål eller formalisme, slik ordføraren gjer: «Det undergraver resten av organisasjonen dersom noen yrkesgrupper skal få lov til å neglisjere lovlig fattede vedtak.»
I Sandefjord bør ein no skaffe seg nye vedtak – hente fram ein viktig fjellvettregel, og innsjå at det er best å snu, og det raskt.
Lærarane fortener derimot ros og støtte.