Unio-leiaren sin replikk:
Ei hyllest
I år var det to modige journalistar som fekk fredsprisen. Dei fortener til fulle ei hyllest frå oss alle. Maria Ressa frå Fillipinane og Dimitrij Muratov frå Russland arbeider under vilkår som nesten er ufatteleg for oss som lever i Norge, same kva for yrke vi har. Dei risikerer liv og helse for det frie ordet.
Publisert: 11. oktober 2021
Nobelkomiteen har fått ros frå fleire hald for prisen. Journalistar og presseorganisasjonar står naturleg nok i fremste rekkje når det gjeld klappsalver. Det er forståeleg. Altfor mange journalistar har blitt tatt av dage dei siste åra, rett og slett fordi både styresmakter og kriminelle miljø ikkje tolererer å bli kritiserte eller avslørte.
Pressefridom og ytringsfridom er to sider av sak. Dei er fundamentale demokratiske verdiar. Og dei er under press. Vi merkar det også her heime. Rett nok på eit heilt anna nivå enn det prisvinnarane gjer.
Men det er ikkje lenge sidan ein framståande akademikar og rektor, Curt Rice, meinte at media helst ikkje burde sleppe til ein annan akademikar, Cecile Hellestveit. I det minste burde ho beklage det ho hadde sagt. Ho hadde nemleg tatt til orde for at det er nødvendig å diskutere nokre konsekvensar av at så mange utanlandske akademikarar arbeider ved norske institusjonar. Somme fagfelt er særleg sårbare, frykta ho. Det heile enda med at det var Rice som måtte beklage. Sjølvsagt må det vere lov, også for akademikarar, både å skape temperatur og å trakke i salaten. Rice har forresten gjort det før. Men å be media sette sperrer for meiningsmotstandarar er grovt.
Heldigvis vil neppe norske media la seg styre av slike utspel og ønske. Tvert imot ser vi ei rekkje gode døme på at media driv undersøkande og kritisk journalistikk, også mot «makta». Saka om «stortingsleilegheitene» som Aftenposten har avslørt, er eitt av dei siste i sjangeren. Saka har fått konsekvensar for både personar og for systemet. Journalistane får kred, og risikerer ikkje straff. Situasjonen her er langt unna det prisvinnarane opplever. Heldigvis. Samstundes bør vi minne oss sjølve om at ytringsfridomen må forsvarast av oss alle. Det kan vi ikkje overlate til dei modigaste.
Norske media er sjølvsagt ikkje feilfrie. Ofte er både journalistar og redaktørar utruleg sjølvhøgtidelege. Særleg når dei får kritikk. Då snakkar dei høgt om «samfunnsoppdraget», medan dei i neste augeblikk sjekkar klikkfrekvensen for siste sak!
For fagrørsla er frie og opne ytringar nødvendig for at vi skal kunne gjere jobben vår.
Hurra for den frie og kritiske journalistikken!
Gratulerer til prisvinnarane!