Unio-leiaren sin replikk:
Klare til ny innsats!
Godt nytt år!
Sjølv om det er eit nytt år, er samfunnet framleis prega av opplevingar og hendingar frå fjoråret. Koronapandemien vil dessverre framleis vere ein del av kvardagen, i alle fall den første delen av 2021. Det inneber at vi alle vil bli sett på prøver også i tida som kjem.
Publisert: 4. januar 2021
Eg vil med dette takke alle medlemsforbund og alle tillitsvalde og medlemmer for det arbeidet som har vore gjort gjennom koronaåret, for den stå-på-viljen og motet som har vore vist. Og ikkje minst for den kreativiteten som fagfolka har lagt for dagen. Unios medlemsgrupper har ytt ein stor innsats i denne situasjonen. Ein innsats det står respekt av.
På slutten av fjoråret gjekk katastrofealarmen etter jordskredet i Gjerdrum. Ei ufatteleg krise ramma eit lokalmiljø og ein kommune. Mest ramma det dei som har mist hus og heim, og som ikkje minst har mist eller saknar sine næraste.
Heldigvis ser det ut til at kriseberedskapen og hjelpeapparatet fungerer godt. Innsatsen er imponerande. Også her deltar mange av Unios medlemsgrupper med sin kompetanse, først og fremst profesjonelt, men også som frivillige.
Pandemien har skapt ein utrygg livssituasjon for mange. Nedstenginga av store delar av nærings- og arbeidslivet har ført til at mange har blitt arbeidslause eller permitterte. Mange har det tøft, svært tøft både på kort og lang sikt. Ei av gruppene som også har merka pandemien er studentane. Mange har hatt det tøft, både økonomisk, sosialt og fagleg.
Vi har på nytt fått vist kor viktig og nyttig trepartssamarbeidet er. Sjeldan har verdien av det organiserte arbeidslivet og trepartssamarbeidet vore så tydleg.
I tillegg har vi til fulle fått sjå kor viktig velferdsordningane er. Sjukelønnsordninga til dømes. Den har lenge vore omstridd. Men no har den utan tvil vore eit viktig element i smittevernet.
Ver heime – ikkje gå på jobb – viss du kjenner deg det minste sjuk, har vore bodskapen Akkurat no trur eg at også arbeidsgjevarane sender ei takk til ei god sjukelønnsordning.
Samtidig har pandemien med dei ekstraordinære tiltaka ført til at kvardagslivet ute på arbeidsplassane våre har kome til syne på ein ny måte. Manglane når det gjeld utstyr og, ikkje minst, manglande bemanning har blitt avdekka – og det har blitt avdekka for fleire enn oss. Særleg er mangelen på intensivsjukepleiarar kritisk.
Men også i normale tider er det påfallande liten vilje til å bruke tariffoppgjera til å bøte på dette. Dei negative utslaga av det historiske industrihegemoniet over lønnsdanninga blir stadig meir problematiske. Både akutte og langsiktige behov for yrkesgrupper med nødvendig kompetanse i offentleg sektor kan ikkje løysast fordi det ikkje er tilsvarande behov i privat sektor, i industrien.
Men hovudansvaret kviler på arbeidsgjevarane i offentleg sektor, som med god støtte frå politikarar, misbrukar og feiltolkar frontfagsmodellen til å halde lønna nede. Dette er kanskje bra på kort sikt, viss målet er å halde budsjetta i sjakk. Men mangel på fagfolk rammar både samfunnet og enkeltindivid. Det bør også vere ein lærdom etter koronaåret 2021.
Fjoråret slutta, og det nye året starta, med ein pågåande Unio-streik. Forbunda som forhandla med KA (kyrkja sin arbeidsgjevarorganisasjon) kom ikkje fram til ein akseptabel avtale, heller ikkje etter mekling, og måtte ty til streikevåpenet.
Streiken i kyrkja har no vart sidan 12. desember. Unio-fellesskapet står bak dei streikande, som har vår fulle støtte.
Viktige oppgåver ventar i 2021. Vi er klare til innsats.