Unio-leiaren sin replikk:

Adecco-skandalen i gløymeboka?

For nokre månader sidan stod Adecco-skandalen øvst på dagsordenen. Med denne saka friskt i minne er det uforståeleg at regjeringa ikkje tøffar seg meir opp i kampen mot slike overtramp.

Publisert: 6. september 2011

Stortingsmelding 29 “Felles ansvar for eit godt og anstendig arbeidsliv”, slår fast at det står bra til i det norske arbeidslivet. Det er rett – for dei fleste. Regjeringa peikar samstundes på utfordringar som sosial dumping, sjukefråvær og utstøyting i enkelte sektorar. Regjeringa vil plastre og lappe på dette. Gjennomgangstonen er at regelverket er godt nok:
Det er heller ikkje teikn til strammare grep i ein nyleg framlagt rapport om sosial dumping i offentleg sektor.

I dag stimulerer delar av regelverket, direkte og indirekte, til privatsiering og konkurranseutsetting av sentrale velferdstenester. Private selskap kan nemleg tene gode penger på å overta offentlege tenester. Det offentlege kan på si side kan spare når pensjonsvilkår blir forringa.

Med slik mekanisamar i regelverket er det fare for stadig meir konkurranseutsetting, der dei tilsette betalar prisen. Det er bra at dei raudgrøne partia argumenterer mot ei slik utvikling, men prat er ikkje nok. Unio meiner det trengst strengare reglar som sikrar konkurranse på like vilkår. Dersom lovpålagde tenester blir konkurranseutsette, skal lønns- og arbeidsvilkår vere på nivå med offentlege tariffavtalar. Dette skal sjølvsagt også gjelde pensjonsvilkåra.

Det trengst ikkje fleire Adecco-liknande skandalar.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv