Unio-leiaren sin replikk:
Stadig større – og færre?
Landbruksminister Listhaug vil at gardane skal bli større. Og bøndene færre.
Publisert: 13. mai 2014
Kommunal- og moderniseringsminister Sanner vil at kommunane skal bli større og færre. Det skal visst bli lettare å fange tidstjuvane då.
Helseminister Høie har hatt så mykje anna å tenkje på i det siste, med reservasjon og slikt. Men han trivst neppe i bakevja: større sjukehus og færre sjukehus må nok til skal han halde tritt med dei moderne. Men han har jo helseføretak og helseregionar til å ta seg av dette. Dei vil i alle fall ikkje ha fleire sjukehus. Dei vil ha færre føretak og større. Justisministeren rir også på bølgja: færre lensmannskontor og færre politidistrikt.
Og så er det kunnskapsministeren: vi har for mange høgskular. Vi må få større og færre der også. Og når vi får større kommunar skal det sikkert bli større skular. Og større og færre barnevernskontor.
Ein avvikar er samferdsleministeren; han vil visst ikkje ha større bomstastasjonar. Og færre er det visst vanskelegare å få til enn han trudde.
Kva så med utanriksministeren? Vil han helst ha større og færre land? Kanskje hadde det vore enklare og meir effektivt? Noreg er jo eigentleg eit lite land, i alle fall når det gjeld folketal. Geografi og avstandar tel jo ikkje så mykje i dei andre samanslåingssakene heller, så. Kanskje er det ein nabo som vil ha vesle Noreg? Helt frivillig, for å bli større.