Unio-leiaren sin replikk:

Håp om global skatt

I årevis har Unio støtta opp om TUAC (Trade Union Advisory Committee – fagbevegelsen i OECD-landene sin rådgivende komité overfor OECD) sitt arbeid overfor OECD sitt mål om å innføre ein minimumsskatt på dei multinasjonale selskapa. Den norske regjeringa har også støtta planane om ei global skatteordning, saman med ei rekkje andre OECD-land. Men planane har lenge vore blokkerte av USA og Trump-administrasjonen. No er det nye tonar frå USA, og dermed stig håpet om at ei ny global skatteordning kan bli ein realitet.

Publisert: 12. april 2021

Store, og vanvettig rike, multinasjonale selskap som opererer globalt, betaler nesten ikkje skatt. Dei jaktar på å etablere seg i land med låge skattesatsar, og i den grad dei har «hovudkontor» prøver dei å plassere desse i land med lågaste skattesatsar. Dermed har vi fått eit system med ein usunn skattekonkurranse nedover. Selskapa jagar mot skattebotnen.

Når mange av dei rike og mektige landa har kasta seg på konkurransen og redusert skattane, har det gitt enorme gevinstar for selskapa. Det er mange problem med denne usunne konkurransen. Store skatteinntekter går tapt, og skilnader mellom land og folk aukar, og meir og meir kapital – og makt – handlar på få hender.

OECD har tidlegare foreslått ein minimumssats på 12,5 prosent. Det er lågt, men også eit lokkemiddel for å få flest moglege land med. No foreslår USA ein minimumssats på 21 prosent, og Biden vil også auke den selskapsskatten. At USA no gjer heilomvending, skaper forventningar om eit gjennombrot. Både EU, G20, IMF (det internasjonale pengefondet), og ei rekkje land, inkludert Norge, støttar forslaget frå USA.

Og det er ikkje småpengar det handlar om. Tax Justice Network Noreg, der Unio er medlem, har berekna at ein minimumsskatt på 21 prosent vil gi om lag 300 milliardar dollar i auka skatteinntekter årleg.

Men det er eit stykke til endeleg gjennomslag. Somme land fryktar at rike land vil finne ordningar som gagnar dei sjølve, og at fattigare land på nytt vil bli taparar. Også velståande land som har skaffa seg inntekter ved å lokke til seg selskap gjennom skatteparadis-ordningar er skeptiske. Eit døme på det er Irland.

Sprikande interesser mellom land og organisasjonar kan difor gjere at vegen fram til ein global minimumsskatt kan bli både lang og humpete. Og dei store multinasjonale selskapa vil garantert gjere sitt for å stikke kjeppar i hjula.

Noreg er ikkje ei stormakt. Men med eit oljefond på 11 000 milliardar kroner i baklomma, er vi slett ikkje utan økonomiske musklar. Difor er det å vone at det politiske Noreg bruker alle musklane slik at vi kan gjere vårt for eit meir rettferdig globalt skattesystem. Til denne tid har dei multinasjonale selskapa fått sleppe altfor lett unna. Det må det bli ein slutt på!

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv