Unio-leiaren sin replikk:
Festtalar for frontsoldatar
«Støre i strupen på sykepleierne. Ingen menneskerett å ha fri to av tre helger.» Overskrifta og helseministerens ansikt slo imot oss på førstesida av VG 27. juni. Dette kunne ikkje ministeren ha på seg, og overskriftdementiet kom i løpet av dagen.
Publisert: 28. juni 2013
Likevel, Støre fjernar ikkje inntrykket av ein statsråd som går til angrep på ei gruppe han er heilt avhengig av for å nå helsepolitiske mål. Det verkar nærast som om statsråden er på jobbjakt hos Spekter. Det er ein dårleg strategi midt i ein valkamp der helsepolitikk står høgt på dagsordenen.
Eg er sikker på at vi i valkampen ofte vil få høyre frå Støre og andre politikarar kor dyktige sjukepleiarane er, og kor viktige dei er for samfunnet.
Unios medlemsgrupper er ofte målet for slike festtalar. Det gjeld lærarar, politifolk, forskarar, ergoterapeutar og fleire andre grupper (sjå www.unio.no) som står på for velferdsstaten.
Det skal rekrutterast fleire, det skal satsast meir. Statusen skal hevast. Det er nesten ikkje ende på den verbale verdsettinga. Og eg trur at politikarar av ulike fargar meiner det dei seier. Difor er det underleg at det er så vanskeleg å praktisere verdsetting i kvardagen. Og då tenkjer eg ikkje berre på tariffoppgjera.
Stadig ser vi kritikk mot velferdsstatens frontsoldatar. Ikkje sjeldan handlar det om arbeidstidsordningar eller arbeidsvilkår. Dei er ikkje fleksible nok. Andre gonger er det fagleg autonomi som er under press. Dei som arbeider med og for folk på vegne av styresmaktene strekkjer seg visst aldri langt nok.
Festtalar er bra. Verdsetting i praksis er viktigare. Men ofte – for ofte – blir yrkesutøvarane i staden møtte med pisk. Dette er ein dårleg rekrutteringsstrategi, enten angrepa kjem frå regjering eller arbeidsgjevar. Betre kvalitet på tenestene blir det heller ikkje av slikt. Og det er vel framleis eit mål?
Og ikkje berre i form av festtalar og lovnader i valkampen.