Unio-leiaren sin replikk:

Stramt og tøyeleg

Statsbudsjetta framover må vere både stramme og tøyelege, sa finansministeren då revidert blei lagt fram.

Publisert: 12. mai 2010

Det er sikkert gode budsjetteigenskapar. Styre stramt, og bruke litt ekstra når det trengst. Ansvarleg er det sjølvsagt også. Ein finansminister er per definisjon ansvarleg – enten det blir brukt litt mindre eller litt meir. Finansministrar er i så måte ganske like, same kva som er partifargen. Ansvaret handlar stort sett om å passe godt på pengane – halde igjen og stå i mot gode krav og forslag. Dei er det som kjent mange av.

Budsjettdagen er dagen for alvor og sjølvros på regjeringssida, og kritikk og krav frå opposisjonen – og frå Unio og andre.

Antakeleg lever dei fleste bra med den budsjettrevisjonen som er lagt fram. Og det er nok uttrykk for at det står bra til her til lands når eit meirforbruk på 25 mrd. i høve til handlingsregelen blir kalla kutt. Og så kan ein sjølvsagt undre seg over at det også denne gongen er to sortar pengar: pengar det er lite av og pengar det er mykje av.

Eg trur Sigbjørn Johnsen treffer mange heime når han snakkar om å halde orden i økonomien. Det er klokt å vere varsam med pengane og å bu seg på dårlegare tider ved å ha noko kapital i bakhanda. Denne bodskapen appellerer både til sunn fornuft og gode gamle dygder. Situasjonen i Hellas forsterkar det heile.

Så får vi tru at finansministeren meiner alvor når han og andre statsrådar stadig framhevar at den viktigaste kapitalen ikkje er oljepengane. Den største kapitalen er folk og kompetanse. Og den beste investeringa er å ha folk i arbeid – og avkastinga blir ekstra god når dei får høve til å gjere ein best mogeleg jobb. Som til dømes å syte for godt kvalitet i dei offentlege tenestene.

Sjølv eit kommunebudsjett i vekst legg knappast til rette for dette. oppgåvene aukar raskare enn budsjettet. Og slik opplevast nok kvardagen på fleire område. Men vi skal ikkje svartmåle, og røyner det på kjem det nok snart appellar om “nasjonal ”dugnad”.

Apropos kapital og kompetanse: Eg gjorde eit søk i revidert nasjonalbudsjett: ”likelønn”. Resultat: 0 treff

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv