Unio-leiaren sin replikk:
Lønnsfest for kommunetilsette?
Gunnar Stavrum, redaktør i Nettavisen, slår med brask og bram fast at det har vore lønnsfest for kommunetilsette (blogg 14.3.) Han meiner at 2012 var eit gullår for dei tilsette I kommunane, og viser til 6 prosent lønnsauke. Dette måler Stavrum så mot småpengar det no blir forhandla om mellom LO og NHO.
Publisert: 18. mars 2013
Kanskje har Stavrum berre følgt rettesnora – ikkje sjekk fakta, då kan saka ryke? I alle fall er det “godt gjort” å konvertere ei gruppe lågt lønna kommunetilsette til deltakarar i ein elevill lønnsfest. Rett nok er det “gullår” i Noreg, men det gjeld ikkje spesielt for lønnsnivået i kommunane. Knapt noko anna tariffområde betaler så dårleg for utdanning og kompetanse som kommunane. Det er sjølvsagt mogeleg at Stavrum ikkje har oppdaga dette i alle dei åra han har skrive om politikk og økonomi.
Tala Stavrum referer til er såkalla datotal, og ikkje dei tala som blir brukt til å samanlikne lønnsveksten mellom ulike område. Hadde han sett på tala frå TBU (Teknisk utrekningsutval), ville bildet blitt annleis.
Både eple og neper har det til felles at dei kan etast, men dei smakar ulikt, og blir gjerne brukt til ulike føremål. Årslønnsveksten for kommunane har vore om lag fire prosent dei to siste åra, på line med resten av arbeidslivet. Det er årslønnsveksten TBU måler.
Og så minner eg Stavrum og andre om at lønna for ein kommunal førskulelærar eller sjukepleiar er noko over 400 000 i året. Det blir gjerne moderat festing av slikt.
God påske!