Mellombels – på feil kurs

Regjeringa visste kva som ville blir resultatet av endra tilsettingsreglar: Fleire mellombels tilsette. Og nettopp det har vi fått. Nesten 20 000 fleire som arbeidsgjevar enkelt kan kvitte seg med.

Publisert: 22. august 2016

Formålet med endringane i arbeidsmiljølova var at fleire skulle få jobb, sa regjeringa. Så langt har eg ikkje sett at nokon derfrå har våga å gi regelendringane æra for at fleire har kome i arbeid. Til det trengst andre verkemiddel. Utfallet er som venta: Når det blir lettare å tilsette mellombels, blir det fleire mellombels tilsette, ikkje nødvendigvis fleire sysselsette. Politikken verkar, men verkar feil.

I denne saka har regjeringa vore ideologisk tunghøyrd. Regjeringspartia har trossa klare råd frå Unio og frå dei andre arbeidsstakarorganisasjonane og frå ei rekkje fagfolk. Til og med frå arbeidsgjevarsida kom det kritiske røyster. Støre har lova at han vil snu viss han kjem til makta. Kanskje kan regjeringa kome han i forkjøpet?

I denne saka har regjeringa vore ideologisk tunghøyrd

-Vi må senke terskelen for dei som står svakt på arbeidsmarknaden, var eitt av argumenta frå regjeringshald. Fleire unge skulle kome i jobb. Det har ikkje skjedd.

No ser vi at bruken av mellombels tilsetting aukar også innanfor område der det er mangel på kompetent arbeidskraft. Heller ikkje det er uventa. Men det må vere eit tankekors, også for regjeringa, at bruken av mellombels tilsetting aukar på område der det er underskot på kvalifiserte kandidatar. På den eine sida går regjeringa i bresjen for rekrutteringskampanjar for å skaffe fleire lærarar og sjukepleiarar og på den andre sida lagar dei reglar som gjer det lettare å tilsette mellombels. Lovendringane undergrev rekrutteringa. Dette er molbopolitikk!

Lovendringane undergrev rekrutteringa

Som om det ikkje er nok. Også på det statlege området klussar regjeringa det til. Her har faktisk både regjeringspartia og støttepartia lenge sagt at det er for mange mellombels tilsette i staten, særleg ved universitet og høgskular. Det skal strammast til, har vore omkvedet både i opposisjon og i posisjon. Eit utval blei sett ned for å gå gjennom tenestemannslova, og kome med forslag til endringar. Utvalet leverte ei samrøystes innstilling, og Unio arbeidde hardt for å få det til. Det vil seie at fleire måtte kompromisse under vegs.

Men ikkje ein gong ei samrøystes innstilling var godt nok for regjeringa og statsråd Sanner. Eller var det Kunnskapsdepartementet som tykte at utvalet gjekk for langt i å hindre misbruket av mellombels tilsetting i UH-sektoren? I alle fall foreslår regjeringa no at det framleis skal finnast breie vegar til mellombels tilsetting. Det skortar tydelegvis på viljen til både å høyre og å lære.

Rett nok er regjeringa mellombels ”tilsett”. Og statsrådar lever og arbeider utrygt. Men det er ikkje god nok grunn til å gjere vegen til mellombels tilsetting breiare i det ordinære arbeidslivet. Tvert imot: Det er politikk på feil kurs.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv