Unio-leiaren sin replikk:

Arbeidsgjevarane med merkeleg kunnskapskampanje

Arbeidsgjevarane har samla seg. NHO, Virke, Spekter og KS har samla seg til ein kunnskapskampanje. Ikkje for, men mot kunnskap. Dei er bekymra. Kunnskapsnasjonen Noreg utdannar for mange med mastergrader, meiner arbeidsgjevarane, og er samstemte.

Publisert: 7. juli 2014

Det er ikkje slik kompetanse vi treng, seier dei. Og viser samstundes omsorg for ungdom som står i fare for å velje feil og verre enn det – bli arbeidslause. Og så viser dei til ei framskriving frå SSB, som antydar at i 2030 kan det bli 6000 for mange med mastergrad.

Ja, kven veit. Med ein arbeidsstyrke på godt over 2 500 000 vil det antakeleg vere heilt andre kompetanseproblem å handtere, enn at ein forsvinnande liten prosentdel har for høg kompetanse.

Situasjonen i dag er at dei aller fleste med høgre utdanning, også masterar, får relevant arbeid rimeleg raskt. Det er heilt andre sider ved arbeidsmarknaden burde bekymre seg for.

Særleg er det underleg at KS går i bresjen mot masterutdanning. Kommunsektoren skal løyse stadig fleire kompetansekrevjande oppgåver innan velferd, helse, utdanning og annan infrastruktur. Mange stader taper kommunesektoren kampen om kompetanse, Dessutan jaktar mange kommunar – ikkje minst i Distrikts-Noreg på kompetansearbeidsplassar særleg for å rekruttere og behalde høgt utdanna ungdom. Det verkar som om KS nærast er i strid med kommunesektoren.

Det er gode grunnar for å diskutere samspel mellom utdanning og arbeidsliv. Og det er opplagt at det trengst fleire med fagarbeidarkompetanse. Men å åtvare, beint fram prøve å skremme ungdom vekk frå masterutdanning, er ein dårleg strategi viss målet er å motivere fleire til å velje yrkesfag.

Skal fleire velje yrkesfag, må det i alle fall finnast lærlingplassar. Dessutan må dei som utdannar seg sleppe til, og ikkje bli utkonkurrerte av ufaglært utanlandsk arbeidskraft fordi desse er billegare.

Og så må ein slutte å bruke ”lettvint tilgang” til studiekompetanse som verkemiddel for heve stausen til yrkesfaga. Det har vore prøvd lenge nok, og ungdom oppfattar den underliggande bodskapen: Studiekompetanse er ”best” og viktigast, når alt kjem til alt. Her har NHO og LO ført an i nedvurderinga av yrkesfaga, tidvis sekundert av Arbeidarpartiet.

Sjølv om det nærmar seg at innpå halvparten av årskulla tar høgre utdanning, er det trass alt over halvparten som ikkje gjer det. Det er altså framleis mange arbeidsgjevarane kan vende seg til for å rekruttere anna kompetanse.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv