Unio-leiaren sin replikk:
Krav om læreplassar
Yrkesfaga er i trøbbel. For mange unge synest dessverre ikkje at yrkesfaga er attraktive nok. I tillegg er fråfallet stort blant dei som likevel vel yrkesfag. Og på toppen av det heile blir altfor mange hindra av at det ikkje er tilgang på læreplass. Slik har det vore i årevis. Enkelte år har det mangla rundt 10 000 læreplassar. No er talet om lag 8000.
Publisert: 19. januar 2015
Det er difor eit bra grep når kunnskapsminister Røe Isaksen vil pålegge bedrifter som utfører oppdrag for det offentlege å tilby læreplassar.
Regelen blir knytt til ordninga med offentlege anskaffelsar. I praksis vil dette seie at bedrifter ikkje kan vinne offentlege anbod utan å ha lærlingar. Lærlingane skal vere knytte til det konkrete prosjektet som skal utførast. Kravet skal gjelde både for norske og utanlandske bedrifter.
Det var på høg tid at regjeringa stiller slike krav. Det burde ha vore gjort tidlegare.
Det er også positivt at reglane blir innretta slik at det skal blir vanskelegare å drive useriøst. Det er ikkje berre pris som skal vurderast i offentlege anbod. Også kvalitet skal telje.
Dette er positivt. Men neppe nok til å løfte yrkesfag. Då må ein gå grundigare til verks. Etter 20 år med reparasjonstiltak, må ein sjå grundigare på sjølve konstruksjonen. Deriblant læreplanane. La yrkesfaga få spele på sin eigen faglege tradisjon. Og legge vekt på oppgåvene fagarbeidarane skal løyse. Å kvalifisere denne gruppa for universitetsstudiar må kome i andre rekkje. Og eventuelt skje på andre arenaer enn i yrkesopplæringa.