Unio-leiaren sin replikk:
Gratulerer!
Landet har fått ny regjering. Unio gratulerer statsminister Erna Solberg og mannskapet hennar, som no skal styre landet. Vi ser fram til spennande tider og godt samarbeid.
Publisert: 16. oktober 2013
Unio har sendt sine innspel, vi har studert regjeringserklæringa og gjort oss klare til å møte den nye regjeringa og dei nye statsrådane. Somme kjenner vi godt, andre har vi hatt mindre med å gjere. Men alle seier dei er spente – endå meir spente enn oss som er aktørar med andre roller.
Det vil vere i kvardagen, meir enn i erklæringane, at den nye regjeringa vil bli vurdert og målt. Noko av det første blir å handtere budsjettet. Der får vi ein første praktisk peikepinn om prioriteringar.
Det er eit rutinert, men også ganske ungt lag Erna Solberg har valt ut. Mange av dei vi spådde ville bli statsrådar, har blitt det, men somme i andre posisjonar enn vi nok trudde.
Torbjørn Røe Isaksen har vore arbeidslivspolitisk talsmann, og blir kunnskapsminister. Kunnskap og arbeid høyrer i hop, og Røe Isaksen blir garantert ein offensiv statsråd. Det blir nok også Robert Eriksson, som får ansvaret for arbeidslivspolitikken. Med lang fartstid frå Stortinget har han solid bagasje. Han har lagt vekt på samarbeid, men også varsla harde diskusjonar. Erna Solberg understreka ved presentasjonen det ansvaret den nye arbeidsministeren har for å vidareføre samarbeidet med og mellom partane i arbeidslivet. Vi skal i alle fall gjere vårt i så måte.
Jan Tore Sanner og hans «superdepartement» blir ekstra viktig for mange medlemmer i Unio. Kva for endringar blir det, kor raskt kjem dei og på kva måte blir dei sett ut i livet? Mange spørsmål ligg i lufta? Og det kan også ligga an til at Jan Tore Sanner blir «forhandlingsminister», dersom han no også overtar oppgåvene til Fornyings-og administrasjonsdepartementet. I så fall blir han både medspelar og motpart.
Unio har sendt blomar til statsrådane – vi helsar og gratulerer og ser fram til godt samarbeid.