Unio-leiaren sin replikk:

Mellombels tilsetting – trussel mot ytringsfridom

I årevis har Forskarforbundet sentralt og lokalt kjempa mot misbruket av mellombelse stillingar i universitets- og høgskulesektoren. Unio har heile tida vore ein aktiv medspelar. Presset mot styresmaktene og mot institusjonane har vore betydeleg. Det har også gitt resultat. Statsråden har snakka med utestemme til både universiteta og høgskulane. Framleis er vi ikkje i mål.

Publisert: 16. august 2021

Det bør gjere inntrykk på alle når Ingrid Lossius Falkum fortel om sin eigen situasjon. Ho har vore mellombels tilsett i 14 år, størsteparten av tida ved Universitetet i Oslo. I eit intervju med Khrono seier ho at det først var når ho fekk fast tilsetting at ho kunne ytre seg som ho ville. Ho heldt til og med tilbake publiseringa av eit intervju til den faste stillinga var på plass. No er ho førsteamanuensis, og i tillegg leiar for Akademiet for yngre forskarar.

Lossius Falkum har opplagt rett når ho trur at mange er redde for å ytre seg, og held tilbake kritikk både når det gjeld interne forhold og faglege spørsmål.

Det er slett ikkje første gongen at desse og liknande synspunkt har vore fremma i debatten om den omfattande bruken av mellombels tilsetting i denne sektoren. Denne kjensgjerninga, og Lossius Falkum sine ferske erfaringar, er viktige innspel til det nyleg oppnemnde utvalet som skal sjå på vilkåra for ytringsfridom i akademia. Fleire i sektoren er kritiske til mandatet utvalet har fått. Men fleire forhold tyder på at ytringsklimaet i akademia ikkje er som det burde vere. Kunnskapens høgborg må stå i fremste rekkje i forsvaret av ytringsfridom, både på heimebane og i samfunnet generelt.

Same korleis ein reknar, ligg omfanget av mellombelse stillingar i akademia godt over nivået i arbeidslivet elles. I norsk arbeidsliv er 8,5 prosent mellombels tilsette. Stillingsstrukturen i akademia skaper uvisse om talet på tilsette. Det lågaste talet er om lag 14 prosent. Å rydde opp i overforbruket av mellombels tilsetting er eit viktig og nødvendig bidrag for å sikre vilkåra for aktiv debatt og trygt ytringsklima i akademia.

Heile samfunnet vil tene på dette.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv