Unio-leiaren sin replikk:
NAV eller brems?
Det starta som Nav – ny arbeids- og velferdsetat. No er det berre NAV. Men enten det er store eller små bokstavar – eit nav bør helst assosierast med framdrift. Slik er det visst ikkje med NAV. I alle fall er tydelegvis statsråd Eriksson misnøgd. Han synest det er for mykje bremsing? Difor sparkar han direktøren.
Publisert: 13. april 2015
No har vi hatt NAV i om lag ti år. Det ligg for tida ikkje an til storslagne feiringar. Ved oppstarten fall det derimot mange høgstemte ord og erklæringar. To store, og svært ulike etatar, skulle slåast saman til ein. Folk skulle få hjelp på ein ny og betre måte.
Arbeidslause, pensjonistar, trygda, hjelpetrengande og fleire skulle no sleppe å gå til fleire etatar eller kontor. No var det inn ei dør, fram til ein disk, snakke med kompetente folk, og så få hjelp og svar. Og sjølvsagt skulle det vere effektivt. Det skulle satsast på kompetansebygging. Tilsette med ulike kompetanse skulle nemleg lære av kvarandre ved å jobbe ”skulder ved skulder”. I fullt alvor meinte leiarar, med støtte frå politikarar, at kompetansestrategien skulle vere ”skulder til skulder”!
Det måtte gå gale. På dette punktet, i alle fall. Kombinasjonen komplisert regelverk og skjønnsutøving er ikkje enkelt. I alle fall ikkje når dei tilsette manglar skolering. Og betre blir det ikkje av at både politikarar og media overvakar skjønnet med kvar sine vinklingar.
Kanskje har politikarar frå to regjeringar og Storting vore både visjonære og dristige. Men dei var også overivrige. Sjeldan har marknadsføringa for ei stor reform vore så heftig. Det meste skulle bli betre og enklare. Og det skulle gå fort. Reklamen, med mange lovnader, hadde neppe stått seg i møte med forbrukarrådet!
Under vegs har NAV vore forska på og evaluert. Det har vore rapportar og utgreiingar. Det har vore leiarskifte og omorganiseringar. Det har vore ressurskriser og ekstraløyvingar. Det har vore eit tiår med IT-kriser og kollapsar. System og folk som ikkje kan snakke med kvarandre. Trass i at det har vore brukt formidable summar på konsulenttenester!
I førre veke kom ei ny utgreiing. Ei ekspertutgreiing. Som vil sentralisere. Det er hypermoderne og politisk korrekt. Og toppleiaren måtte gå. Statsråden meinte det var brukt for mykje pengar på IT. Som ikkje funka. Og som ikkje får mange nok i arbeid.
No har vi kome eit steg vidare: Ei ny utgreiing. Ein sparka sjef. Kanskje kjem det snart ein ny sjef til uriasposten? Stastråden har vist handlekraft.
Politisk sjølvkritikk på sjølve reforma kjem nok ikkje.
Så stå på folkens! Nav har trass alt meir enn 15000 tilsette – som gjerne vil gjere jobben sin! Dei fortener støtte vidare.