Unio-leiaren sin replikk:

Ein nasjonal skandale

Riksrevisjonen kom for kort tid sidan med svidande kritikk av arbeidet med Helseplattforma – eit digitalt journalsystem for Helse Midt-Noreg. Helseplattforma har vore eit brennheitt debatt-tema regionalt i lang tid. Trass i sterk kritikk har leiinga proklamert «køyr på» trass i at store manglar har vore påviste. Vi står overfor ein nasjonal skandale.

Publisert: 28. oktober 2024

Det er sjølvsagt ein helsepolitisk skandale. Men først og fremst er det ein skandale som handlar om leiarskap, om dårleg leiarskap. La det også vere sagt: Det er få eller ingen som tvilar på gode ambisjonar eller store behov.

Dette er verken det første eller einaste offentlege IT-prosjektet som har svikta. Tvert imot. Både i politiet og i NAV har vi sett liknande problem. Slike faresignal burde leiarskapet i Helse Midt-Noreg og i Helseplattforma AS tatt med seg. At prosjektet er blitt dobbelt så dyrt som planlagt, og har gått frå tre til seks milliardar kroner, er meir eller mindre normalt. (Helseplattforma AS er eit offentleg selskap eigd av Helse Midt-Noreg og kommunar i Trøndelag og Møre og Romsdal).

Riksrevisjonen kritiserer både valet av løysing, dei kritiserer planlegging, organisering og gjennomføring. Kritikken er på det sterkaste nivået. Det er i tråd med kritikk og varsel som har kome frå fagfolk – frå legar og sjukepleiarar – i lang tid.

Leiarskapen i Helse Midt-Noreg og Helseplattforma må no erkjenne svake sider, men prøver å vri seg unna ansvaret. Helseministeren blei intervjua på Dagsrevyen. Han snakka som vanleg fort og sa mykje, men hadde ikkje stort anna å ty til enn at her må vi ta med oss «læringspunkt». Dette er eit tomt gjengangarord som kommunikasjonsbransjen har påført leiarar både i offentleg og privat sektor. Vi har forresten også ein digitaliseringsminister. Ho har vi høyrt lite eller ingen ting frå.

Kvifor har det gått så gale med Helseplattforma? Og med ein del tilsvarande prosjekt?

Unio har lenge etterlyst ei sterkare satsing på å bygge nasjonal IT-kompetanse, og åtvara mot den hyppige bruken av andre land sine løysingar. Helseplattforma valde eit amerikansk system, trass i klare åtvaringar frå både Danmark og Finland som hadde brukt same systemet.

Ifølgje statsbudsjettet skal det satsast meir på studieplassar innan teknologi og IT. Det er bra. Slik kompetanse vil vi trenge.

Men eg er redd at problema stikk djupare, og at det handlar om kultur og leiarskap – om svak kultur og om leiarskap på feilspor. Det verkar som om evna til å lytte, til å fange motførestillingar stadig blir trumfa av eigenrådig gjennomføringsvilje.

Undervegs i prosessen med helseplattforma har det vore påfallande å registrere ein del repeterande reaksjonar. Direktørar på ulike nivå – både i kommunar, i sjukehusa og i styreromma – har omtalt bekymringsmeldingar og protestar som «endringsvegring» og nærsynt motstand frå fagfolk og fagforeiningar. Noko liknande kom fram då Helse Midt-Noreg køyrde over Helse Møre og Romsdal, som bad om meir tid.

Desse haldningane har ikkje berre kosta pengar. Dei har skada arbeidsmiljø, forlenga ventelister og påført pasientar risiko. Og det har skada tilliten til offentleg sektor.

Så kva seier direktørane no? Kva vil dei gjere? Og korleis vil regjeringa og det politiske systemet handtere det heile? Litt for ofte har det verka som strategien er å gå stille i dørene i håp om at neste store prosjekt vil gå betre.

Torbjørn Røe Isaksen skriv i Aftenposten (27.10.) at «politikk er noe mer enn å styre etter regneark», og peikar på farar som oppstår viss leiarskapen ikkje forstår eller bryr seg om folkelege reaksjonar.

Det er neppe ein IT-kommisjon som trengst. Heller ein kulturrevolusjon. Vi treng i alle fall ikkje fleire offentlege prosjektskandalar.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv