Unio-leiaren sin replikk:
Kunnskap og konkurransekraft
Statsminister Erna Solberg inviterte denne veka til toppmøte om forsking og næringsliv. – Det må forskast meir i norsk næringsliv, var utgangspunktet. Og bodskapen frå statsministeren var at forsking er viktig, ja avgjerande, for konkurransekrafta.
Publisert: 28. januar 2014
Men ho la også til at utdanningssystemet samla – kunnskap for alle – står sentralt i denne samanheng. Dette er ei klok understreking. Og det er i tråd med Unios syn – det må satsast på kvalitet I alle ledd av kunnskapskjeda: frå barnehage til høgre utdanning og forsking.
Statsministeren og kunnskapsministeren tok eit fornuftig initiativ. Det er behov for samtale og satsing. Det understreka både representantar frå næringsliv, akademia og organisasjonar.
«Alle» har forventningar til langtidsplanen for forsking og høgre utdanning. Innspela er mange, og fleire blir det. Økonomiske insentiv og budsjettfinessar blir nok hyppige diskusjonstema. Innsats og resultat mot Horizon 2020, like eins. – Vi kan ikkje slå oss til ro med at Noreg betalar inn meir enn vi får igjen, var omkvedet på toppmøtet.
Det blir skarpt fokus på realfag og teknologi framover. Og ganske sikkert i stortingsmeldinga også. Og innovasjon blir ein gjengangar. Kanskje trengst det litt innovasjon i begrepsbruken også, i alle fall presisjon. Innovasjon er vel noko meir enn å vise fram eit ferdig produkt, klart for marknaden?
Det trengst eit løft for realfaga i heile utdanningskjeda. Vi er avhengige av teknologiutvikling og -bruk, både med tanke på velferd og verdiskaping.
Staus for norsk forsking er «middels», meinte Erna, og viste til alle pengane vi brukar. Karakteren kan sikkert diskuterast. Men at vi skal ha ambisjonar, også om å bli verdsleiande på somme område, er det lett å vere einige om.
Men no må vi ikkje hoppe rett ned i ei ny grøft. Alt handlar ikkje om realfag og teknologi. Det finst også andre fag og fagområde som skal ha sitt. Og du kan vere ein svært dyktig professor eller amanuensis utan å sende søknad om EU-midlar.
Kanskje er det på sin plass å ta med eit par ord frå Francis Sejersted inn i arbeidet med stortingsmeldinga om forsking og høgre utdanning, fritt gjengitt:
– Det finst to argument for kunnskap og forsking: kulturargumentet og økonomiargumentet. Begge er gyldige.