Unio-leiaren sin replikk:

Unio i streik i staten

Unio streikar for at utdanning, kompetanse og ansvar skal lønne seg betre i staten. Den svake lønnsutviklinga for tilsette med høgare utdanning må stoppast. Staten og regjeringa avviser dette. Difor blei det streik.

Publisert: 27. mai 2024

Statens fremste mål er at det skal vere ein lik hovudtariffavtale for alle i det statlege tariffområdet. (Formelt inneber det fire likelydande avtalar.) Dette skjer i allianse med LO og langt på veg i oppdrag frå dei raudgrøne partia på Stortinget. Dette er dei som oftast hevdar at forhandlingar er partane sitt ansvar, og at politikarane ikkje skal blande seg inn. Dette prinsippet har ikkje alltid vore etterlevd. No er det steindaudt frå den sida.

Stasråden seier at det skal vere lik lønn for likt arbeid. Kva det inneber i praksis er mildt sagt uklart. Ho legg til at regjeringa ikkje kan leve med at tilsette med like arbeidsoppgåver har ulik lønn, og at statlege leiarar klagar over dette.

Eitt av problema for statsråden er at slike skilnader også var å finne då det var ein hovudtariffavtale, mellom anna på grunn av føringar og kriterium som låg i avtalen, t.d. prioritering av likelønn og låglønn. Når statsråden dessutan legg på bordet eit forslag der 75 prosent av lønnsveksten skal forhandlast lokalt, blir det tydeleg at regjeringa har andre og viktigare motiv. Det er å gjenreise LO si tradisjonelle makt i det statlege tariffområdet.

Det er neppe tilfeldig at retorikken frå statsråd Karianne Tung og LO-leiar Peggy Følsvik er så godt som likelydande. Dei stilte til og med saman i Dagsnytt 18 i eit felles åtak på forhandlingsleiarane i Unio og Akademikerne. Og som vanleg får dei full støtte frå propagandapennen til Kjell Werner i «Fri Fagbevegelse». Han tyr som så ofte i slike samanhengar til merkelappen “usolidarisk” når noko ikkje er i samsvar med eigne og LO sine meiningar.

Andre kommentatorar er meir nyanserte. Dei fleste legg til grunn at streiken handlar om prinsipp og ikkje om lønn. Sjølvsagt handlar både forhandlingane, meklinga og streiken om lønn – om lønnsutvikling og lønnsnivå. For Unio er to avtalar eit verkemiddel, ikkje eit prinsipp. Det er eit verkemiddel for å sette ein stoppar for at andre organisasjonar forsyner seg av vår lønnsmasse, og dermed påfører våre medlemmer dårlegare lønnsutvikling. Denne mindrelønnsutviklinga er over tid solid dokumentert. Dette er i praksis de same som lærarane gjennom år opplevde etter overføringa av forhandlingsansvaret til KS.

Det skal seiast at Unio var kritisk til etableringa av den avtalen Akademikerne inngjekk i 2016. Etter grundige vurderingar i Unios forhandlingsutval blei det i 2022 bestemt at det var nødvendig å «skifte» tariffavtale. Erfaringane over fleire år var at staten og dei andre hovudsamanslutningane nedprioriterte utdanningsgruppene. Dette kunne ikkje halde fram. Noko nytt måtte prøvast.

Mange har meiningar både om avtaleforhold og om streiken. Det viser først og fremst kor viktig arbeid dei statstilsette utfører. Vi veit at ein streik påfører folk ulemper. Det skulle vi gjerne ha unngått. Eg trudde også at det ville vere mogeleg gjennom iherdig meklingsarbeid.

Det kunne staten ha medverka til om regjeringa hadde lagt meir vekt på at utdanning, kompetanse og ansvar skal lønne seg betre i staten.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv