Fake news om IA-avtalen
Den siste tida har ei rekkje aviser slått stort opp at «partene vurderer å vrake IA-avtalen». I gamle dagar hadde dette blitt kalla agurk-nytt. Noko må avisene skrive om også i ferietida. No passar det kanskje best med «fake news». For det er fake news når det blir skapt eit inntrykk av at partane er klare til å sende IA-avtalen på skraphaugen.
Publisert: 17. juli 2018
Delar av arbeidsgjevarsida gir rett nok uttrykk for at dei helst ser at avtalen blir fjerna. Men så er det heller ikkje spesielt overraskande at dei som vil svekke sjukelønnsordninga også vil kvitte seg med IA-avtalen. Virke går i spissen for dette. Sjukelønnsordninga er for dyr, og trugar velferdssamfunnet, er den ikkje spesielt originale forklaringa. Vi har høyrt det før. Frå fleire enn Virke. Då kan det vere ein «fornuftig» strategi å prøve å kvitte seg med IA-avtalen først. Denne avtalen slår nemleg ring om dagens sjukelønnsordning.
Frå før veit vi at arbeidsministeren og regjeringa er kritisk til svake avtaleresultat.
Unios utgangspunkt er at avtalen skal endrast og forbetrast, ikkje vrakast. Det er opplagt at avtalen ikkje fungerer godt nok. Hovudmåla er ikkje nådde, trass betydeleg innsats frå mange ledd. Avtalen har også medverka til eit omfattande dialogbyråkrati. Kritikarane har også rett i at når innsatsen ikkje står i stil med resultata, kan det føre til at somme blir «avtaleleie». Men dette er ikkje gode nok grunnar til å gi opp.
Men det er heller ikkje enkelt å finne metodar som garantert verkar. Likevel må det framleis vere eit felles mål å betre arbeidshelsa og å inkludere fleire med nedsett arbeidsevne i arbeidslivet. Sjukefråveret i dei kvinnedominerte yrka i offentleg sektor held seg ekstra høgt, særleg i kommunesektoren. Her er om lag 80 prosent av dei tilsette kvinner. Det er velkjent at kvinner har høgre sjukefråver enn menn, i så godt som alle sektorar.
Det er god grunn til å gi honnør, ikkje minst til industrien, som har redusert sjukefråveret betydleg. Av og til kjem sarkastiske meldingar frå industrihald til offentleg sektor, og særleg til kvinneyrka: «Skjerp dykk, de kan då ikkje vere sjukare enn oss». Men det er nettopp det som er den faktiske situasjonen. Dei er, eller rettare, blir meir sjuke.
Kanskje ligg noko av forklaringa i sjølve arbeidet. Medan industrien har nedbemanna og no er dominert av menn i sin «beste» alder, slit helsesektoren med å skaffe nok folk. Dei rekrutterer mange, også mange som tydelegvis ikkje maktar det tøffe arbeidspresset godt nok. Mange blir ofte sjuke – for ofte og for lenge til at IA-måla er innan rekkevidde.
Det har kome mange rapportar – analysar og forskingsresultat – gjennom dei 18 åra med IA-avtale. Desse gir ikkje eintydig svar på eitt og alt, heller ikkje på at forklaringa på ulike sjukefråversnivå ligg i sjølve arbeidssituasjonen. Kunnskapsgrunnlaget er ikkje godt nok til å slå fast kva som verkar og ikkje verkar.
Kanskje har forskaren Solveig Ose viktige poeng når ho seier at HMS-regelverket først og fremst er innretta mot industrien, og for dårleg tilpassa «vår tid». Langvarige slitasjar og belastningar må få større merksemd, meiner ho. Ho får støtte frå ein erfaren praktikar. Aud Steiring i Arbeidsmiljøsenteret meiner også at mange av belastningane som særleg finst i kvinneyrka, blir i liten grad fanga opp i det tradisjonelle HMS-arbeidet. (I Front nr 6/17).
Dette er nok ikkje fasiten åleine. Men i staden for å kvitte seg med IA-avtalen og å gå til angrep på sjukelønnsordninga, forventar eg at arbeidsgjevarane i den vidare avtaleprosessen er villige til fornya innsats. Å bruke IA-avtalen til å vektlegge førebygging sterkare og til å kreve meir relevant HMS-arbeid vil vere bra for arbeidshelsa. Godt arbeidsmiljø er dessutan økonomisk lønnsamt.
Partane må bruke hausten til fornying og forbetring av IA-avtalen. Ikkje til vraking og vonløyse. Eller til fake news.