Limet må funke

Arbeidsliv og arbeidslivspolitikk står sentralt i valkampen. Sysselsetting og kompetanse er daglege overskrifter. Partia appellerer til organisasjonane og inviterer til samarbeid på ulike område. Organisasjonane møter med krav og forventningar.

Publisert: 14. august 2017

Alle partia er meir eller mindre tydelege på at dei vil vidareføre og bygge på trepartssamarbeidet både i arbeidslivspolitikken og på andre samfunnsområde.

Ved førre stortingsval profilerte Høgre seg som det nye arbeidspartiet, og fokuserte på samarbeid med og likebehandling av hovudorganisasjonane. Ambisjonane skaut partiet sjølv ned gjennom måten dei dreiv gjennom endringane i arbeidsmiljølova.

Dette førte til eit spent forhold. Men trass i ulike syn på fleire saker har Unio likevel hatt ein løpande dialog både med statsministeren og regjeringsapparatet. Dette er noko av styrken med den norske samarbeidsmodellen. Vi snakkar saman, og møtest i mange fora. Alle regjeringar, same kva farge, er avhengige av dette. Statsministrar, statsrådar og andre veit, eller lærer fort, kor viktig trepartssamarbeidet er.

Krafta i trepartssamarbeidet ligg i det organiserte arbeidslivet på begge sider av bordet. Høg grad av fagorganisering er fundamentet for suksess. Men limet i trepartssamarbeidet er hovudorganisasjonane og samspelet dei imellom og med regjeringa. Utan sterke og kompetente hovudorganisasjonar som representerer breidda i arbeidslivet og næringslivet – kunnskapssamfunnet både i offentleg og privat sektor – vil trepartssamarbeidet tape kraft og legitimitet.

Arbeidslivspolitikken er rekna som eit av kjerneområda for Arbeidarpartiet. Dei tette banda mellom AP og LO har til tider skapt utfordringar for samarbeidet med dei andre hovudorganisasjonane. At LO, men også NHO – i kraft av å vere størst og eldst – har visse fordelar, er til å forstå. Men den tida då treparts-samarbeidet handla om LO, NHO og regjeringa bør vere forbi. Også for Arbeidarpartiet.

Difor var det fleire som sperra opp augo då Jonas Gahr Støre i bursdagstalen til LO-leiaren for litt sidan fleipa med NHO-sjefen. Han hadde tenkt mykje på Kristin (Skogen Lund), som etter valet ville bli den einaste høna i trepartskorga.

At leiarane for ALLE dei andre hovudorganisasjonane er kvinner, har visst ikkje vore pensum for statsministerkandidaten. Men det er sjeldan for seint å lære: Til dømes at fleirtalet av dei fagorganiserte her til lands no er medlem av forbund utanfor LO.

Trepartssamarbeidet må funke også i nye tider.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv