Unio-leiaren sin replikk:

Skulehelsetenesta må styrkast

Det er ikkje få rapportar som har vore laga om skulehelsetenesta på 2000-talet. Dei fleste har peikt på klare manglar, og det har vore rikeleg med forslag til forbetringar. Det har heller ikkje mangla politiske lovnader om styrkingstiltak. Likevel har vi ei skulehelseteneste på sparebluss. Særleg kritisk er det for elevane i vidaregåande opplæring.

Publisert: 25. april 2022

Skulehelsetenesta er lovpålagt gjennom helse- og omsorgstenestelova, og gir både barn og unge og familiane deira rettar til eit heilskapleg helsetilbod. Ansvaret for tenesta kviler på kommunane. Mindre kommunar og bydelar kan samarbeide om tenesta, mellom anna med tanke på eit godt fagleg tilbod. Elevar i vidaregåande er fylkeskommunen sitt ansvar, og til tider ser vi at samspelet mellom dei to forvaltningsnivåa er for dårleg.

Mangel på ressursar og kompetanse er eit gjennomgåande problem i kommunesektoren. Pengane rekk ikkje til alle gode formål. – Vi må prioritere, seier administrasjon og politikarane. Dessverre fører det for ofte til at «usynlege» oppgåver blir nedprioriterte. Når ein ungdom slit med eit helseproblem i kvardagen – særleg når det gjeld psykososiale forhold – er det meir usynleg enn at rådhuset treng eit nytt strøk måling, inne eller ute.

Skulehelsetenesta – barn og unge sine behov – blir for ofte plasserte bak i køen. Vi såg det også under pandemien. Mange kommunar beordra helsesjukepleiarar og anna personell i skulehelsetenesta vekk frå jobben sin. Dei blei kommanderte til vaksinestasjonar og andre oppgåver. Dette skjedde trass i at helseministeren gong på gong slo fast at slik skulle det ikkje gjerast. Fleire kommunar overprøvde altså regjeringa. Dette tyder på at den statlege styringa og lovverket ikkje er tydleg nok.

Helsesjukepleiaren er nøkkelpersonen i skulehelsetenesta. Ei kartlegging frå 2016 viste betydelege variasjonar mellom kommunane, men først og fremst ei stor underdekking på landsbasis. I vidaregåande skular var det store variasjonar både mellom skular og fylkeskommunar. Det generelle bildet var underdekking og mangel på kompetent personell. Det blei også reist tvil om gjeldande normtal var tilpassa dei reelle behova i skulane. I ein SINTEF-rapport frå 2020 er hovudkonklusjonen klinkande klar: Det er for få helsesjukepleiarstillingar til å dekke behova, også ut frå gjeldande normtal.

Dette er noko av bakgrunnen for at Unio i høyringssvaret til «Folkehelsemeldinga» har framheva at «et sentralt tiltak i meldingen bør derfor være å investere i en skolehelsetjeneste med god kvalitet og tilstrekkelig kapasitet, og å bygge et lag rundt elevene. Vi vil særlig peke på at skolehelsetjenesten bør ha et systemrettet samarbeid med skolen for å bidra til å sikre elevene et godt fysisk og psykososialt miljø.»

Skulehelsetenesta er eit viktig og nødvendig lavterskeltilbod som helsetilbod til barn og unge. Frå arbeidslivet veit vi at eit godt arbeidsmiljø, både fysisk og psykososialt arbeidsmiljø, er bra for trivsel og for produktivitet.

På same måte kan ei god skulehelseteneste bygge opp om det som er skulen si viktige oppgåve – god læring og gagns menneske. Difor har vi ikkje råd til å halde oss med ei skulehelseteneste på lavbluss.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv