Arbeid til alle?

Valkampen er over. Resultatet er ikkje klart når eg skriv dette. Men same kva for regjering vi får vil arbeid og arbeidslivspolitikk stå høgt på dagsordenen også etter valet. Debatten om kva som må til for å få flest mogeleg i arbeid blir ikkje mindre skarp framover. Truleg skarpare.

Publisert: 11. september 2017

I valkampen har vi gong på gong høyrt at fleire kjem i arbeid, men at arbeidsstyrken minkar. Arbeidsløysa går altså ned, men det gjer også den såkalla sysselsettingsgraden. Fleire i arbeidsfør alder arbeider ikkje. Mest illevarslande er det at mange unge menn ikkje kjem seg inn i arbeidslivet i det heile tatt.

Korleis taklar vi som samfunn og partar i arbeidslivet dette? Kva er løysinga? Det må skapast fleire arbeidsplassar, nye arbeidsplassar, er det enkle svaret. Men kven skal gjere det? Neppe politikarane. Dei kan hjelpe til. Dei kan bruke offentleg sektor. Men dei fleste parti seier at storparten av dei nye arbeidsplassane må kome i privat sektor.

Når sysselsettingsgraden går ned i mange land, er det konsekvensane av teknologi og robotisering vi no ser? Må det som finst av tradisjonelt arbeid rett og slett delast på fleire? Blir det robotane som innfører 6-timarsdagen, ikkje politikarar? Eller får vi eit delt folk: dei som heng med i eit stadig meir kompetansekrevjande arbeidsliv, og dei som livnærer seg på «borgarlønn» i ei eller anna form.

Paradokset er at berre for få år sidan var det framtidas frykt for mangel på arbeidskraft, ikkje mangel på arbeid, som prega dagsordenen. Det skifter fort.

Truleg er begge perspektiva gyldige. Det er mangel på arbeidskraft i delar av arbeidsmarknaden, og mangel på arbeid i andre.

Difor må framtidsgrepa treffe godt, slik at arbeidsmarknaden samla drar nytte av dei. Her er tre slike tiltak:

• Forsterka kamp mot arbeidslivskriminalitet og sosial dumping. Politiet må rustast opp til å bli ein skarpare og raskare aktør på dette området.

• Ei storstilt satsing på kunnskap og kompetanse. Eg har ikkje tal på alle gonger eg og Unio har sagt dette. Stadig fleire støttar dette. Men å sette offensive tiltak ut i livet kostar, og det drøyer. Eit første steg er å gjenreise ideen – og praksis – om dei vidaregåande skulane som lokale ressurssentra og bindeledd mellom arbeidsliv og opplæring. Dette er viktig ikkje minst for å leie dei unge (mennene) inn i arbeidslivet.

• Styrk effektiviteten og tenestene i offentleg sektor gjennom mindre rapportering og byråkrati – la kvalitet og fagleg standard i større grad leie an i utviklinga. Hugs at ein god offentleg sektor er ein berebjelke for privat sektor.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv