Godt nytt år!

Då er eg klar for tillitsvervet som Unio-leiar, og eg takkar på nytt for tilliten. Eg veit at ansvaret er stort, og at mange oppgåver ventar.

Publisert: 4. januar 2016

Arbeidslivet er i endring – på godt og på vondt. Heldigvis er det slik at Unio-medlemmer flest trivst med arbeidet sitt. Ei rekkje undersøkingar viser det. Ei viktig årsak er nok opplevinga av å utføre viktig og meiningsfullt arbeid, der god utdanning og relevant kompetanse er avgjerande. Dette er eit godt utgangspunkt. Trivsel gir styrke.

Men det er også velkjent at det som skaper stress og press for mange er mangel på samsvar mellom oppgåver og ressursar. Tida strekkjer rett og slett ikkje til for å gjere ein så god jobb som ein ønskjer.

Som arbeidstakarar leverer vi tid og kompetanse. Og skal ha anstendig betalt for det. Tariffoppgjeret i 2016 vil bli ekstra krevjande. Først og fremst på grunn av at arbeidsløysa er stigande og veksten i norsk økonomi er svakare enn på lenge. Sjølvsagt skal Unio vere ein ansvarleg aktør i inntektspolitikken. Men vi kastar ikkje korta før vi har begynt. Det står fast at utdanning blir for dårleg betalt, særleg i offentleg sektor. Difor er også likelønnsgapet konstant og urimeleg stort. I nyttårstalen sin peika statsminister Erna Solberg på at framtida for arbeidsplassar og økonomi ligg i satsing på kunnskap og forsking. Det er vel gyldig også når ein kjem til inntektspolitikken og tariffoppgjera?

Allereie denne første veka i 2016 skal det regjeringsoppnemnde ”Arbeidstidsutvalet” levere innstillinga si. På bakgrunn av mandatet og samansettinga er det grunn til å vere på vakt! Unio tar debatten – og striden, om nødvendig. Særleg viss fleirtalet foreslår ordningar som inneber sterkare styringsrett for arbeidsgjevarane, og svakare posisjon for arbeidstakarane.

Pensjon er og blir ei viktig sak for medlemmene. Arbeidsdepartementet la rett før jul la fram utgreiinga si om utvikling av offentleg tenestepensjon. Unio har utfordra den nye arbeids- og sosialministeren på ei rekkje spørsmål. Eg forstår at ho treng tid til å gjere eigne vurderingar, men eg forventar likevel svar og ein konstruktiv dialog.

Fagrørsla lever i spenninga mellom tradisjon og fornying, mellom forsvar og angrep. Denne spenninga og balansen vil forsterke seg. Globalisering og digitalisering er drivende krefter i så måte. Den som leverer forslag til fornyande løysingar vil stå sterkt.

Eg vil at Unio skal vise veg!

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv