Unio-leiaren sin replikk:

Planlagt pingpongspel

Det stadige pingpongspelet mellom staten og kommunane om pengar og ansvar struper tilliten. Både mellom arbeidsgjevar og tilsette. Og mellom innbyggarar og politikk. Både sentrale styresmakter og lokale politikarar er ivrige pingpongspelarar.

Publisert: 15. september 2014

Debatten om kvar det blei av regjeringa si satsing på skulehelsetenesta illustrerer kva som skjer. Det skulle bli fleire helesesøstre. Regjeringa løyvde pengar, blei det sagt.

Ordføraren i Ålesund (H) viser «spelereglane» i Sunnmørsposten 12. september: Han slår fast at kommunen kan bruke slike pengar der det er ”mest behov er for dem”. I praksis slik kommunen sjølv vil. ”Slik er det kommunale selvstyret”, slår ordføraren fast. Med ein viss rett.

Samstundes seier han i praksis at vi verken kan stole på sentrale eller lokale politikarar. Og det er hovudproblemet. Difor, det regjering og storting reklamerer med, treng ikkje stemme med kommunal praksis. Enten fordi pengane ikkje strekkjer til, eller fordi lokale politikarar prioriterer annleis.

Ein stortingspolitkar frå Ap kallar det som skjer i Ålesund ei ”skam”. Den skamma må han og partiet hans ta sin del av. Det er nemleg stor politisk semje om dagens system. Det kommunale sjølvstyret er eit enkelt svar både sentralt og lokalt når oppgåvene er større enn pengesekken til kommunane. Difor har ”øyremerking” lenge vore eit fyord i politikken. Det ville forstyrre spelereglane for denne pingpongøvinga.

Dei som kjem i skvis er folk som ikkje får dei tenester dei forventar, eller har krav på. Og dei tilsette, som stadig må strekkje seg som seigdamer og seigmenn.

Professor Halvard Vike oppsummerte situasjonen godt for nokre år sidan, då han sa det om lag slik:

”Velferdsstaten har gjort seg avhengig av arbeidskraft som er villig til å strekke seg ekstra langt for å få endene til å møtes. De trår til når budsjetter skjæres ned, ansvar fraskrives og dilemmaer desentraliseres.”

Denne gongen var det lærararane som tok til motmæle mot pingpongspel, arbeidstid, degradering og tillitsbrot. Og meir til.

Det er fleire i same båt.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv