Unio-leiaren sin replikk:
Rikdom og fattigdom
– Det står bra til her til lands, men det kan bli endå betre. Om lag slik snakka mange politikarar under valkampen. Særleg var folk frå regjeringspartia flittige brukarar av uttrykk som dette.
Publisert: 23. september 2013
Og dei har rett: dei fleste har det bra her til lands. Men på somme område har vi rett og slett ikkje fått det til. Politikarane har ikkje prioritert tøft nok, og vi andre har neppe brydd oss nok.
Det er eit nasjonalt nederlag at det i «verdas rikaste land» finst så mange som er fattige. Som ikkje maktar å følgje med i velstandsutviklinga. Særleg ille er det at barn opplever ein kvardag med fattigdom. Det er ulike syn på kor mange det faktisk er, og kva som er den eigentlege fattigdomsgrensa. La det ligge. Som fagorganiserte kan vi i ikkje slå oss til ro med at barn er fattige. Ingen bør slå seg til ro med det. Vi må øve press på politikarane.
Særleg viktig blir det å følgje med kva den nye regjeringa vil gjere. Her held det ikkje med skattelette! Det trengst ein offensiv inkluderingspolitikk. Folk må få støtte både til kompetanseutvikling, og til å kome i arbeid. Men barn kan ikkje vente på det – dei treng betre økonomi no. Og ofte treng dei ein betre stad å bu.
Paul Krugman, den velkjende amerikanske økonomiprofessoren, sa nyleg at omtrent all økonomisk vekst i USA hamnar i lomma til dei aller rikaste. – Sjølv om det bryt med amerikanske verdiar at dei ekstrem ulikskapane aukar, la han til. – Pengemakta står i vegen for eit effektivt demokrati, slo han fast.
Så er spørsmålet om den heimlege pengemakta vil stå i vegen for ein effektiv kamp mot fattigdom? Vi sender utfordringa vidare til sonderingskameratane i Nydalen.