Unio-leiaren sin replikk:

Unio 20 år!

10. desember 2021 er det 20 år sidan Unio blei stifta. Den gongen skjedde det under namnet Utdanningsgruppenes hovudorganisasjon (UHO). Det var fire forbund som stod bak stiftinga: Lærarforbundet, Norsk Lærarlag, Norsk Sykepleierforbund og Politiets Fellesforbund. På stiftingsmøtet blei Norsk Fysioterapeutforbund og Norsk Ergoterapeutforbund tekne opp som medlemmer.

Publisert: 6. desember 2021

Organisasjonen tok namnet Unio i 2005 etter ei reorganisering/nystifting der Forskerforbundet og Presteforeningen blei ein del av Unio-fellesskapen. Både før dette og etter har fleire andre forbund blitt medlemmer.

På desse 20 åra har Unio vakse frå om lag 215 000 medlemmer til cirka 385 000 medlemmer, fordelt på 14 forbund. (Norsk Tannpleierforbund har søkt om opptak på kongressen i 2021.)

Unio blei etablert i ei brytningstid for organisasjons- og arbeidslivet. Organisasjonar blei lagt ned, og nye og større blei etablerte. Samstundes peika både offentlege utgreiingar og det offentlege ordskiftet i retning av at hovudorganisasjonane ville spele ei stadig viktigare rolle både i forhandlingssystemet, i trepartssamarbeidet og i samfunnsutviklinga. I tillegg måtte LO og NHO, om enn motvillig, godta at også andre hovudorganisasjonar hadde ein naturleg plass i viktige organ og fora som drøfta både arbeidslivsspørsmål, inntektspolitikk og andre samfunnsspørsmål. Koronapandemien har til fulle vist kor viktig trepartssamarbeidet er for å finne tiltak og løysingar som har brei støtte, også i krisetider.

Unio hadde heilt frå starten store ambisjonar på vegne av medlemsforbunda. Ikkje minst galdt det i inntektspolitikken, der Unio raskt tok ein offensiv posisjon for å påverke og endre frontfagsmodellen. Eit gjennomgangskrav i tariffpolitikken har vore at utdanning og kompetanse skal lønne seg betre, også for individet – enten det gjeld kvinner eller menn.

Dessutan har Unio vore ei tydeleg kraft på vegne av heile utdanningskjeda frå barnehage til høgare utdanning og forsking. Som Noregs største hovudorganisasjon for yrkesgrupper med høgare utdanning, har Unio kontinuerleg fokusert på kunnskapssamfunnet si rolle både når det gjeld velferd og verdiskaping, likestilling og berekraft. Storparten av Unios medlemsgrupper arbeider i offentleg sektor, men vi har gradvis vunne terreng også i privat sektor.

Ved etableringa var det eit klart mål at Unio skulle vere ein viktig spelar, ikkje berre på heimebane, men også vere ein aktiv aktør i det internasjonale organisasjonsarbeidet. Unio er medlem både i den nordiske, den europeiske og den globale fagrørsla, der hovudorganisasjonane møtest og samarbeider. Dette gir tidvis tilgang til saker og spørsmål, før dei kjem på dagsordenen her heime. Unio var blant dei første organisasjonane i ITUC som kravde tiltak retta mot FIFA sitt vedtak om å arrangere fotball VM i Qatar i 2022. Målet var å få flytta arrangementet. Til grunn låg kamp for menneskerettar og arbeidstakarrettar. Interessa for saka var betydeleg internasjonalt, men tyngre å få på dagsordenen her heime den gongen.

I 2001 var det å samle seg i ein hovudorganisasjon eit viktig og nødvendig verkemiddel for makt og medbestemmelse for medlemsforbunda i Unio. Dette motivet er ikkje blitt mindre. Tvert imot.

I lys av dette, og utviklinga som har vore gjennom desse åra, har vi bedd Åsmund Arup Seip (Fafo) gi ei framstilling av Unio si rolle og døme på oppgåver ein står overfor på arenaer som gir medbestemmelse og makt. I tråd med oppdraget har forfattaren lagt vekt på kanalar for medbestemmelse der hovudorganisasjonane har ein særleg posisjon, både i kraft av tradisjon og storleik. Rapporten tar altså ikkje mål av seg til å gi ei samla framstilling av Unios historie og utvikling. Det hadde kravd eit heilt anna format.

Vi takkar Seip for samarbeidet, og viser til at framstillinga hans gir eit godt innblikk i Unios rolle og funksjon som hovudorganisasjon, og der målet mellom anna er å supplere og forsterke medlemsforbunda sitt arbeid.

Eg rettar ei stor takk til medlemsforbunda og dei mange tillitsvalde, medlemmer og tilsette som gjennom desse 20 åra har medverka til å gjere Unio til ein viktig aktør både i samfunnspolitikken og på forhandlingsarenaen.

(Denne teksten er identisk med føreordet til Fafo-rapport 2021:33 «Medbestemmelse og innflytelse – Unios rolle gjennom 20 år».)

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv