Kvalitet og samspel

Vi vil alle ha kvalitet. Over alt, i alle samanhengar, i alle saker og i alle tenester. Til tider, særleg når vi kjøper varer og ting, er det nok slik at vi meir håper på kvalitet enn at vi er sikre. Sjølv om vi betaler godt. Det er først gjennom bruk vi får vite. Og sjølv då kan vi vere ueinige!

Publisert: 18. januar 2017

Kanskje er det slik også når vi diskuterer utdanningskvalitet? Snart får vi i alle fall ein ny diskusjon: Regjeringa skal snart legge fram ei melding om kvalitet i høgre utdanning.

Ei slik melding trengst. Dei siste åra har mykje tid og store ressursar gått med til prosessar knytt til struktur og samanslåingar. Det politiske målet med samanslåingar og større einingar har vore kvalitet – betre utdanning og betre forsking. Utgangspunktet er at små miljø ikkje kan levere godt nok. Denne haldninga pregar regjeringa si politikk på ei rekkje område.

Eg håper at den komande meldinga vil legge eit breiare syn til grunn for kvalitetsdebatten, og at det ikkje blir tatt for gitt at når vi no har fått færre og større einingar er vi langt på veg sikra kvalitet.

Ingen veit heilt sikkert kva vi vil trenge av utdanning i framtida. Det vi veit er at det alltid vil vere spenning mellom ulike behov, mellom tradisjon og fornying. Vi vil trenge teknologi og digital kompetanse og rikeleg med omstillingsevne. Men vi vil også trenge stabilitet gjennom evne til kritisk refleksjon, og evne til å sjå samfunnsutviklinga i samanheng. Vi må ikkje bli så endringsivrige og digitaliseringshekta at vi taper desse kunnskapane og kompetansane. Dessutan – den gode fagkunnskapen vil ikkje gå av moten!

Det breie mandatet til universiteta og høgskulane med vektlegging på forsking, danning og det å vere eit kritisk korrektiv, er både ein viktig del av kvaliteten på sjølve utdanningane og eit viktig fundament for godt utdanna yrkesutøvarar.

For mange profesjonsutdanningar er det opplagt at kvalitet og fagleg utvikling skjer i skjeringspunktet mellom praksis og akademia. Yrkesfeltet åleine kan ikkje definere kva som skal vere kunnskapsinnhaldet i profesjonsutdanningane. Men heller ikkje akademia kan utvikle relevante fagtilbod utan kontakt med praksisfeltet.

I mange tilfelle er vegane mellom høgre utdanning og praksisfeltet for dårleg utbygde. Særleg er sambandet mellom akademia og kommunesektoren både svingete og humpete. Det er ikkje haldbart, rett og slett fordi kommunane er det største praksisfeltet for mange av velferdsyrka.

Det trengst ei storstilt styrking av dette sambandet. Og det trengst sterkare forpliktingar på begge partar – både på kommunane og på høgre utdanning – til å farte fram og tilbake, til å samarbeide.

Kvalitet er avhengig av samspel mellom teori og praksis, mellom høgre utdanning og yrkesutøving.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv