Unio-leiaren sin replikk:
Barn som business
Det blei eit ramaskrik då Aftenposten avdekka at nokre «barneheimsbaronar» hadde tent store pengar på tilbod til vanskelegstilte barn. Ei stor nyheit var det likevel ikkje: Privatisering, konkurranseutsetting og anbodsrundar i barnevernet er gamalt nytt. Drive fram av skiftande politiske fleirtal både sentralt og lokalt.
Publisert: 10. november 2014
Det nye var kanskje storleiken på summane. Men heller ikkje at internasjonale konsern er inne i bildet er nytt. Det har vi høyrt før.
Og vi fekk klassiske reaksjonar: Frå venstresida som blir moralsk forarga over at noko kostar, og over at nokon tener pengar. Og frå høgresida som på vanleg måte seier at marknaden gjer jobben. Og at dei store overskota viser kor ineffektiv offentleg sektor er. Begge reaksjonane er ideologiske. Og begge er utilstrekkelege, viss barns beste er målet.
Ansvaret for barnevernet ligg i det politiske systemet. I Stortinget, i regjeringa og i kommunane. Som del av velferdssystemet burde det vere opplagt at offentleg sektor skal ha ei nøkkelrolle, ei hovudrolle.
Kva har svikta? Fleire forhold. For det første har vi det tradisjonelle pingpong-spelet mellom stat og kommune. Begge nivåa har sine ansvarsområde, men skuldar stadig på kvarandre. Både barn, pårørande og til tider tilsette kan oppleve seg som kasteballar.
Men det spørs også om det offentlege har vore gode nok til å handtere oppgåver med så skiftande behov og skiftande kompetanseutfordringar som barnevernet krev? Tidlegare barneminister Inga Marte Thorkildsen bomma på ein del faktiske forhold, då ho i Klassekampen utfordra fagrørsla på fleksibilitet. Men eg er redd at ho likevel har eit poeng når ho tråkkar på ømme tær, og utfordrar oss både på arbeidstid og organisering av oppgåver.
Dersom det offentlege ikkje fiksar skiftande behov, står private aktørar klar. Dei veit at offentlege pengar er ei sikker inntektskjelde. Og strekkjer seg langt. Og byr gjerne på arbeidstakarar som også strekkjer seg langt. Ofte er dei uorganiserte. Med billege pensjonsordningar.
Dersom mangel på tariffavtalar blir eit konkurransefortrinn når offentlege oppgåver skal løysast, er det fare på ferde. Barn fortener betre. Det er også vårt ansvar. Vi må vere attraktive for dei tilsette, og vi må vere med på å finne dei beste løysingane for barna.
Men det største ansvaret har politikarar som med vitande og vilje har gjort sårbare barn og unge til business.