Unio-leiaren sin replikk:

Olje og arbeidsløyse

Arbeidsløysa held fram å stige. Tett på 80.000 er no utan arbeid, melder Nav. Veksten er på om lag 11 prosent. Det uroar ikkje arbeidsministeren i særleg grad. Han framhevar at det er «en langt mer moderat økning» i november enn i oktober. Og legg til at i om lag halvparten av fylka er det nedgang i arbeidsløysa. Men fleire blir altså arbeidslause, utan at statsråden tar nye grep.

Publisert: 30. november 2015

Kanskje talar han på vegne av både regjeringa og støttepartia. Budsjettforliket dei til slutt fekk losa i hamn, har ikkje styrka kampen mot arbeidsløysa i tråd med at stadig fleire blir ledige.

Det er fallet i oljeprisane som er hovudforklaringa på arbeidsløysa. Situasjonen slår difor særleg inn på kysten, frå Agder til Trøndelag. Mange i oljesektoren fryktar framtida, og næringa er uroleg for at kompetansen vil forvitre i staden for å bli brukt andre stader. Eller i ei framtidig grønare oljenæring, viss det er råd å tru på det.

Men er prisfallet heile årsaka til problema? Statoil er nærast synonymt med det norske oljeeventyret. Mange kan takke Statoil for gode jobbar og høge løner, sjølv om det har skranta den siste tida. Statoil har til dømes gått i front når det gjeld utflagging av ei rekkje oppgåver, til dømes innan IT. Illustrerer det ei hypereffektiv drift? Neppe.

Dyr dinosaur, blir Statoil kalla i ein artikkel i Dag og Tid, signert Jon Hustad. Mykje kan seiast om Hustad, og det er ofte gode grunnar til å vere usamd med han. Men han pleier å halde greie på tal. Kostnadseksplosjonen i Statoil har vore markant, ja, enorm, ifølgje Hustad. For 20 år sidan var oljeprisen knappe 16 dollar fatet. Og det blei inntekter, store pengar, av det den gongen. Justert for inflasjon m.m. svarer det til 25 dollar fatet. No er prisen 55 dollar fatet, og så langt har Statoil tapt 28 milliardar kroner! Kostnadane for å drive i Nordsjøen per rigg har gått opp frå 40 000 dollar per dag til 120 000 dollar per dag på om lag 15 år. På britisk sokkel er kostnadane om lag 60 000. Sjølv om norsk kostnadsnivå generelt er høgt, verkar skilnaden urimeleg stor.

Ikkje nok med det: Statoil har den siste tida gjort nedskrivingar i USA på 70 milliardar kroner, for det aller meste henta frå Nordsjøen. Og likevel har Statoil gjennom den siste 20-årsperioden henta inn store inntekter til AS Noreg. Men ein eller annan stad på vegen har tydelegvis risikoviljen blitt for stor, effektiviteten for svak. Nøysemd har vore eit ukjent omgrep for Statoil-leiinga. Og det gjeld ikkje berre leiarløner. Hustad plasserer hovudansvaret der, men med eit vanleg spark til fagrørsla.

Likevel – ein kostnadsreduksjon på 30 prosent ville ha gitt ei mogeleg inntekt på 150 milliardar til fedrelandet ifølgje Hustad sine kalkylar. Og kanskje litt færre arbeidslause?

Akkurat no er det nok lite trøyst i slike kalkylar for dei som har misst arbeidet. Dei hadde nok venta seg meir kraftulle tiltak frå regjeringa enn det vi no høyrer frå arbeidsministeren.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv