Unio-leiaren sin replikk:
Arbeidslivet satsar grønt
Klimafana har i mange år vore høgt heva i fagrørsla, både internasjonalt og nasjonalt. Somme har hevda at fagrørsla sitt engasjement finst mest i dokument og på konferansar, i mindre grad i praksis. Det er ein kritikk som kan rettast mot mange miljø. «Rettferdig omstilling» har vore ei viktig rettesnor for fagrørsla i klimadebatten. Alle, ikkje berre nokre få, må ta sin del av ansvaret.
Publisert: 29. mars 2022
Somme fryktar at dei vil miste arbeidsplassar og inntekt. Difor er det viktig at styresmakter og globale aktørar syter for ein politikk og truverdige tiltak som gjer at flest mogeleg kjenner seg trygge for framtida. Folk må rett og slett tru på at ein grøn og klimavennleg politikk skaper ei betre framtid enn å køyre vidare i gamle spor.
Framleis er det nok eit stykke fram til fagrørsla blir rekna som ein kamporganisasjon for klimaet. Men Unio vil vere med å vise veg. Akkurat no er vi midt i arbeidslivets klimaveke. Hovudorganisasjonane både på arbeidstakarsida og arbeidsgjevarsida samlar seg for å dele tankar og tiltak for ei felles framtid.
Vi veit at klimakrisa truar både miljøet og menneska. Det finst ikkje jobbar på ein daud planet! Difor må fagrørsla bruke posisjonen til å påverke politikken og til å engasjere medlemmene. Trepartssamarbeidet må vere ein viktig arena også for klimapolitikken. Vi veit av erfaring at store omstillingar skjer best i samarbeid mellom staten og partane i arbeidslivet. Omsynet både til dagens og framtidas arbeidsliv og arbeidstakarar tilseier at klimapolitikk må bli ein viktigare del av trepartssamarbeidet
Kunnskap og kompetanse er heilt grunnleggjande viss vi skal løyse klima- og miljøutfordringane. Det tilseier at det må satsast tungt på forsking.
Tariffavtalane er fundamentet for partane i arbeidslivet. Difor er det berre naturleg at partane også i tariffavtalane jaktar på klimatiltak. I forhandlingane om statens reiseregulativ blei det frå fleire hald, også frå Unios side, fremja krav til eit grønare reiseregime i staten. Resultatet vart eit regulativ som no legg tydelegare klimakrav til grunn i samband med reiser og val av transportmiddel. Det er bra for vi veit jo at transport står for ein stor del av utsleppa.
Ofte blir det stilt størst forventningar og krav til privat sektor når det gjeld å redusere CO2-utsleppa. Det er opplagt at det trengst eit grønare næringsliv.
Men også i offentleg sektor er det nødvendig å sette inn kraftfulle tiltak. Årleg kjøper det offentlege varer og tenester for rundt 600 milliardar kroner. I 2017 utgjorde klimabelastninga frå desse innkjøpa 11 millionar tonn CO2. Det er like mykje som for heile industrisektoren.
Grøne, offentlege innkjøp er eit strategisk verkemiddel for å nå klimamåla Noreg har forplikta seg til. Potensialet er stort, men Riksrevisjonens undersøking viser at styresmaktene ikkje nyttar staten si marknadsmakta godt nok i klimaets teneste. Ambisjonane er for låge og den grøne innkjøpskompetansen er for dårleg. Klimakrav må inn som kriterium i offentlege innkjøp!
Regjeringa har varsla at det skal opprettast eit partssamansett råd for klimaomstilling. Her reknar eg med at regjeringa inkluderer heile breidda og mangfaldet i trepartssamarbeidet, og at miljørørsla blir inkludert i arbeidet på ein tenleg måte.
Arbeidslivets klimaveke markerer fornya innsats, men stoppar ikkje 2. april. Arbeidslivet må satse grønt kvar dag!