Unio-leiaren sin replikk:

Usunn helsekonkurranse

Helseminister Høie vil at det skal bli fritt fram for pasientar å velje behandling på private sjukehus. Viss dei heller vil dit enn til eit offentleg sjukehus. Staten betaler, og du og eg kan velje. Bra med valfridom, særleg viss du heiar på privatiseringa.

Publisert: 23. september 2014

Helseministeren trassar fleirtalet av høyringsinstansane, som er kritiske til opplegget. Han går vidare, seier han. Og i lys av valkamp og program, er det inga bombe.

Høie har to gode argument for standpunktet sitt: Det eine er at for mange står for lenge i kø for å få behandling. Det andre er at dei som har nok pengar kan gå ut av køa og kjøpe seg behandling på private sjukehus.

Og det burde vi vel sjå som ein fordel? Presset på køane i det offentleg blir redusert. Og vi kan då ikkje forby rikfolk å bruke pengane sine som dei vil? Det finst dummare ting å bruke pengar på enn eiga helse. Ein vinn-vinn-situasjon?

Nei, resultatet blir meir og meir eit todelt helsevesen. Difor er både Unio og svært mange andre instansar kritiske til reforma. Av fleire grunanr. Ein ting er at dette skjer midt i prosessen med gjennomgang av heile spesialisthelsetenesta. Meir alvorleg er at dette er konkurranse på ulike vilkår. Konkurranse om pasientar og pengar.

Regjeringa har ikkje tenkt å privatisere breidda av oppgåvene sjukehusa skal ta seg av. Framleis er det dei offentlege som må behandle dei tyngste og minst ”lønnsame” helseplagane, for både unge og eldre. Dei offentlege må ivareta akuttfunksjonar. Og ikkje minst, dei offentlege sjukehusa må utdanne personell, drive forsking og utvikling. Ikkje alt dette er god butikk, i alle fall ikkje i første omgang. Og butikk er det mykje av i dagens sjukehus.

Dei heiter ikkje sjukehus eingong. Helseforetak er namnet. For å understreke businessen.

Det blir ikkje berre konkurranse. Det blir konkurransevridning, altså konkurranse på ulike vilkår. Det pleier vel Høgre å vere imot? Men kanskje ikkje når det gjeld usunn konkurranse om helse?

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv