Unio-leiaren sin replikk:

Etter 8. mars

Oppsluttinga om 8.mars var større i år enn på mange år. Reservasjons- og abortdebatten dominerte, og medverka til kraftfulle protestar og markeringar.

Publisert: 10. mars 2014

Det var likevel plass til andre kampsaker, som rett til heiltidsstillingar og krav om likelønn. Det trengst. For det går seint. Særleg for likelønna. Menn tener meir enn kvinner. Somme ser på det nærast som ei naturlov.

Til tider høyrest det ut som det også er kvinner som har skulda. Dei vel feil utdanning. Og dei vel feil yrke. Og dei jobbar for lite.

Kvinner er i dag i fleirtal blant dei som tar høgre utdanning. Men dei fleste er så «dumme» at dei endar opp i yrke innan helse og utdanning. Og i andre låglønte jobbar i det offentlege. Dei vel altså «feil», og difor har Noreg eit problem: den kjønnsdelte arbeidsmarknaden. Sanninga er at utan kvinner stoppar både helse-Noreg, barnehagane og skulane! Og fordi det er behov for så mange av dei, må lønna haldast nede. Noko anna toler ikkje budsjetta, må vite.

Då får ein heller bruke reklamebyrå i stor stil. Rekrutteringskampanjar er å vise politisk handlekraft. Og det blir også nokre medieoppslag av det. Særleg viss søkartala går opp med eit par prosentpoeng.

Dessutan skal jo ikkje politikarar ha meiningar om lønns- og arbeidsvilkår. Heller ikkje for nasjonale oppgåver som helse og utdanning. Men å klage over kvinners val av utdanning og yrke er lov for både politikarar og arbeidsgjevarar.
For å leve frie og uavhengige liv må ein kunne forsørgje seg sjølv. Det målet er kjønnsuavhengig.

Spekterdirektør Anne Kari Bratten hevdar stadig vekk at sju av ti norske kvinner synest det er greitt å bli forsørga av ein mann. Skal tru det? Kvar har ho det frå?

Skal fleire kvinner «rive seg løs frå kjøkkenbenken og ut i arbeid må det hadre tak til», seier Bratten til VG. Javel. Det er ein god start å heve lønna. Og kommunar og sjukehus må tilby heile stillingar. Ikkje minst til dei mange nyutdanna som søkjer heiltid, men som får tilbod om deltid.

Det ville ver tøffe tak, det.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv