Mål og meining
Overskrifta kunne ha vore eit slagord for Unio, eller for heile fagrørsla, for den del. Men det er tittelen på ei ti år gamal stortingsmelding om norsk språkpolitikk. Ei stortingsmelding som tok føre seg tilstanden for norsk språk og som sette mål for framtida.
Publisert: 2. november 2017
Når vi les stillingsannonsar der det blir søkt etter «Key Account Manager» med «digitalt fokus», får vi illustrert at både mål og meining har dårlege kår. Det kryr av døme på at norsk språk taper terreng. Også på område der ein skulle tru at språkpolitikk stod sterkt. Som i nynorskkommunen der eg voks opp, Volda.
Her krev foreldre nynorsk i samband med innføring av lesebrett i barneskulen. Kommuneleiinga sitt svar er nedslåande: Først lesebrett, og så får vi prøve å få på plass nynorsken. Her ser vi tydeleg at språket må vike for teknologien, denne gongen innpakka i pedagogiske fraser, og på kant med lovverket.
Denne saka dokumenterer dessverre hovudbodskapen i Språkrådet sin tilstandsrapport som kom i september: Norsk språk, og særleg nynorsk, er under hardt press. Utfordringane kjem i særleg grad frå engelsk og frå teknologien. På ei rekkje område er norsk fagspråk i ferd med å gå ut på dato. I somme samanhengar høyrer både engelsk og engelsk fagspråk heime, også her til lands. Men det inneber ikkje at vi passivt skal la oss erobre. Tvert imot. Hovudregelen må framleis vere: Norsk når du kan, engelsk når du må.
Språkrådet legg til grunn at nettopp dette framleis er normalsituasjonen i norsk arbeidsliv. Men det kjem også ei klar åtvaring. På somme arbeidsplassar hemmar mangelen på norskkunnskapar ein god og effektiv kommunikasjon. I somme tilfelle går det utover tryggleik og helse både for tilsette og andre.
Språk er makt. Men det kan også vere snobberi. Som i annonseteksten ovanfor. Men også innanfor høgre utdanning og forsking ser vi døme både på snobberi og misforstått internasjonalisering. Som når tilsette «må» undervise i norsk litteratur, til tider, på dårleg engelsk.
I fagrørsla må vi våge eit kritisk blikk på oss sjølve. Vi vil gjerne vere folkelege. Vi ønsker å nå fram til opinionen og til medlemmer. Ikkje minst vil vi rekruttere nye medlemmer. Vi lukkast ikkje godt nok. Kanskje ligg noko av forklaringa i vårt eige stammespråk. Tariffavtalane er våre viktigaste reiskapar. Men ta ei leseprøve. Her er det langt fram til «klarspråkprisen».
Vi er mange som treng ein språkleg oppstrammar. Ei ekstrarunde med «mål og meining».