Unio-leiaren sin replikk:
Same lag, ulike reglar!
I ein kronikk i VG (23.9) bruker arbeidsminister Robert Eriksson fotballkarriera til Mats Møller Dæhlis som argument for å endre arbeidsmiljølova. Det er fint med norske fotballsuksessar. Men å bruke desse som argument for å gjere det lettare å tilsette mellombels, blir som å juble over sjølvmål. Har statsråden henta inspirasjon frå målvaktlegenda Bjarte Flems famøse kast i eige mål, som framleis er ein hit på YouTube?
Publisert: 1. oktober 2014
Når Dæhli spelar på Cardiff, må han og resten av laget følgje dei same reglane. På Eriksson sitt lag, derimot, skal det no bli ulike reglar. Dei nye på laget skal kunne utvisast utan grunn. Denne gruppa vil vere utan oppseiingsvern, og i så måte rettslause. Og dette er det statsråden, med arbeidsgjevarstøtte, vil tilby dei som står svakast på arbeidsmarknaden.
Det er difor illevarslande at statsråden like før høyringsfristen er ute slår fast at same kva som kjem fram, vil han stå fast på sitt syn: Lettare å tilsette mellombels.
Også forslaget om utvida prøvetid avviser han, og får heiarop frå arbeidsgjevarsida. Dermed blir også motivet synleggjort. Det er arbeidsgjevars «opplevelse av risiko», som Virkedirektør Madsen uttrykker det, som spelar størst rolle. Risikoen er arbeidstakar og «utsatte grupper» som skal ta.
Erfaringar frå andre land viser at auka bruk av mellombels tilsetting fører til fleire i mellombels jobb, og færre med fast tilsetting. Likevel tvilheld statsråd Eriksson på myta om at svakare vern skaper fleire jobbar.