Unio-leiaren sin replikk:
Ein ny sosial kontrakt
Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet (IMF) er viktige trendsettarar og normgjevarar i den globale politikken. Då handlar det om pengar, store pengar. Men dette er også aktørar med stor påverknadskraft på andre politikkområde.
Publisert: 3. april 2019
Mange regjeringar lyttar når Verdsbanken og IMF snakkar, og i ekstra stor grad når dei har OECD med på laget. Til tider har dette skapt store utfordringar for fagrørsla, både nasjonalt og internasjonalt. Desse institusjonane har nemleg oftast lagt meir vekt på kva som gagnar kapitalmakta enn kva som gagnar arbeidsfolk.
Dei siste åra har vi heldigvis sett meir positive tendensar. Dei globale finansinstitusjonane meiner at veksande økonomiske skilnader er skadeleg, også for produktivitet og økonomisk vekst. Difor har Verdsbanken sagt at kampen mot fattigdom må trappast opp. Den globale fagrørsla har argumentert tøft for å få til ei slik endring.
Ein rapport frå ILO viser kor viktig arbeid og sysselsetting er for meir rettferdig fordeling. Rapporten slår fast at det trengst ein universell garanti om anstendige arbeidsvilkår, inkludert minstelønn, trygt arbeidsmiljø og grenser for arbeidstid. Det er langt igjen til ein slik garanti. Både Verdsbanken og IMF har likevel tatt små steg i rett retning. Men det trengst meir.
Difor har den internasjonale fagrørsla kravd at dei globale finansinstitusjonane skal medverke til ein ny sosial kontrakt. Dette er nødvendig dersom verdssamfunnet skal bygge tillit, og unngå nye kriser. Kravet er at institusjonane skal forplikte seg til å arbeide for inkludering, rettferdig økonomisk fordeling og berekraftig utvikling. Ein politikk basert på lønnspress nedover og kutt i offentlege budsjett er ikkje foreinleg med eit slikt mål. Ein ny sosial kontrakt, støtta av Verdsbanken og IMF, må omfatte regjeringar, næringsliv og arbeidsgjevarar og sjølvsagt arbeidstakarar. Grunnlaget er at dette er organisasjonar med nærare 200 medlemsland som er tilknytt FN.
Ein global sosial kontrakt er ingen liten ambisjon. Og det er langt til målet. Men det er for å oppnå slike forbetringar vi har internasjonale institusjonar, enten vi snakkar om Verdsbanken, IMF eller FN, med sine mange underavdelingar. Og det er difor fagrørsla samlar kreftene internasjonalt. Og det er difor Unio engasjerer seg i og gjennom dei ulike internasjonale organisasjonane.
Kampen mot skatteparadis og for eit skattesystem som kan handtere den digitale økonomien og som fangar opp dei multinasjonale selskapa, har lenge stått høgt på dagsordenen i fagrørsla. Betre ordningar på desse områda, er viktig også med tanke på å nå målet om ein sosial kontrakt, globalt. Her har fagrørsla (TUAC) arbeidd lenge og intenst, særleg overfor OECD.
Det er difor gledeleg at Norge, ikkje minst gjennom skattedirektør Hans Christian Holtes engasjement, er ei tydleg stemme på desse områda, også internasjonalt. Han har tydeleg slått fast at det trengst felles reglar og internasjonalt samarbeid for å oppnå nødvendige resultat. Han har lansert viktige forslag både nasjonalt og internasjonalt.
Eg reknar med at han har regjeringa i ryggen, og at Norge vil gå i front for å skape ny politikk og betre løysingar.
Det vil vere viktige steg på vegen mot ein ny og global sosial kontrakt.