Prinsipp, pengar og streik

Så kom den første streiken i moderasjonsoppgjeret 2016. Trass i mekling på overtid, blei det streik i hotell- og restaurantsektoren. Fellesforbundet og NHO Reiseliv står tydelegvis langt frå kvarandre.

Publisert: 26. april 2016

Etter meklinga i industrioppgjeret smilte forhandlarane frå Norsk Industri frå øyre til øyre. Dei hadde vunne fram, og lagt løypa for andre i NHO. Fellesforbundet sine folk prøvde best dei kunne å forsvare seg med å vise til landets beste, og at arbeidsplassar var berga.

I hotell- og restaurantbransjen, som også er ei såkalla  konkurranseutsett næring, er innteninga for mange eigarar betre enn på lenge. Særleg gjeld det verksemder som satsar på utanlandske gjester. Låg kronekurs gjer det meir attraktivt å reise til Noreg. Dermed vil arbeidstakarane ha sin del av kaka. Og i alle fall vil dei ha ein tariff-festa rett til lokale forhandlingar. NHO er ofte talerør for lokale forhandlingar. Men slett ikkje denne gongen. Derfrå kjem det i staden skuldingar om at Fellesforbundet bryt rammene lagt gjennom industrimeklinga og frontfaget.

Her er det visst fleire som kan møte både seg sjølve og motpartane i døra.

Det er ikkje tvil om at hotell- og restaurantsektoren er ein låglønnsbransje, prega av både ufaglærte og uorganiserte. Lønnsutviklinga har blitt hengande etter. Og akkurat no kan dette ikkje forklarast med låg etterspørsel.

I så måte er det parallellar til offentleg sektor. Også her er grupper blitt hengande etter i lønnsutviklinga, og lønnsnivået er lågare enn for samanliknbare grupper i privat sektor. Etterspørselen etter arbeidskraft og høg kompetanse er derimot stor. Stikk i strid med situasjonen i oljesektoren og i store delar av industrien. Likevel er forventningane, ikkje minst frå politisk hald, at etterspurde grupper med høgare utdanning i det offentlege skal tilpasse seg oljenedturen i frontfaget.

I offentleg sektor er organisasjonsgraden høg. Langt høgre enn i hotellnæringa. Somme hotell og restaurantar prøver å halde hjula i gang med uorganiserte. Det er spelereglar for slikt. Drifta kan gå, men ikkje basert på at uorganiserte overtar streikeramma oppgåver. Det vil vere streikebryteri.

Unio har fått spørsmål frå medlemsforbund og medlemmer om bruk av bedrifter som held ope, om enn på sparebluss. Er det tale om streikebryteri, er svaret klart og enkelt: hald deg unna! Tillitsvalde og fagorganiserte må dessutan stille seg spørsmålet: Synest eg det vil vere greitt å passere streikevakter inn til ei bedrift som er streikeramma?

Om ikkje lenge kan det vere du sjølv som står streikevakt. Trass i at Unio i mellomtida jobbar hardt for å oppnå ei forhandlingsløysing. Kva som skjer står att å sjå. Blir det ikkje forhandlingsresultat innan 1. mai, er Riksmeklaren neste stasjon. Dit må partane før ein eventuell konflikt. Også her kan eit viktig prinsipp bli avgjerande: retten til å forhandle pensjonsvilkåra med konfliktrett!

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv